I dag, veslejulaftan, var siste handledag før jul. Julegåvene har nok i vore i hus fleire dagar allereie – i alle høve hos jentene/kvinnene - men matvarene, ferskvarene, ja, dei vart av mange kjøpt inn i dag. Bente Stokke handla også inn kolonialvarer til familien i føremiddag. Ho handla hos J. Slettedal A/S – Joker - på Sæbø. – Berre sunne matvarer hos oss i jula, sa Bente med glimt i augo og la ein pose gulrøter på disken til Gunnhild.
- Berre sunne matvarer i P-garden på Stokke i jula, seier Bente Stokke med glimt i augo.
Desse førjulsdagane har vore travle for Gunnhild og Torbjørn Slettedal, eigarane av butikken. Dei ser difor fram til eit par-tre fridagar frå butikken ikkje minst for å vere saman med resten av familien.
Er du nøgd med julehandelen, Torbjørn?
- Vi har nok ein liten tilbakegang i julehandelen i høve til i fjor, fortel Torbjørn til hjorundfjord.no. Opninga av det nye kjøpesenteret i Ørsta reduserte nok handelen hos oss. Det same opplevde kollegaer på Vartdalstranda, seier Torbjørn vidare. Men er snar med å legge til at i det siste har i alle høve ein del av kundane kome tilbake.
- Forresten, seier Torbjørn, hadde vi hatt like stor framgang som Hjørundfjordportalen hadde vi vore godt nøgde. Seinast i går mottok Gunnhild og han melding frå ein familie i Tyskland som er nærast daglege brukarar av hjorundfjord.no.
Før vi går ut døra ber Gunnhild og Torbjørn oss så mykje om å ynskje kundane deira god jul. Og skulle nokon gå tome for mat eller drikke, ja, så har Joker ope frå 3. juledag.
Kommentarar