Den 28.12.06 la underteikna ut ei nyhendesak på hjorundfjord.no som eg kalla ”Væpna politi til Bondalen”.  Etter ca. 22 timar og ca. 2300 treff vart denne saka fjerna frå portalen hjorundfjord.no. Eg skuldar her brukarane av  portalen ei forklaring.  Legg merke til at eg brukar ”eg-forma”.  Dette var nemleg eit poeng i ein av kommentarane.

Underteikna som fjerna

Det var underteikna og ingen anna som fjerna denne saka (men sjølvsagt innhenta eg samtykke  frå redaktøren først) – og dermed dei to kommetarane som låg under. Dei tidlegare kommentarane vart ikkje fjerna av meg.  Det var to grunnar til at denne nyhendesaka vart fjerna.  Eg skal kommentere den eine – den som er viktig for brukarane av portalen.

 

Det kom kraftig kritikk mot underteikna som kommentarar til saka og eg fekk svært sterk kritikk pr. telefon.  I kommentarfelta er det vel rett å seie at kritikken gjekk på at eg hadde vore for snill mot den som politiet opplyste har truga med hagle.  På telefonen gjekk kritikken på at eg hadde vore for hard mot den same personen samt at eg hadde lagt ut foto på portalen av bustaden til den som politiet pågreip.

 

Men:  Felles for alle kritikkar gjekk på at eg hadde vore først ute med denne saka slik at både Sunnmørsposten og NRK Møre og Romsdal hadde brukt hjorundfjord.no som kjelde.

Feil

At det kom kritikk frå begge sider av saka kan vel tyde på at saka frå mi side vart handsame nokolunde balansert.  Eg trur likevel at redaktøren fjerna ei setning av omtalen min av saka.  Det godtok eg sjølvsagt 100 %. Og berre så det er sagt –  ei nyhendesak kan alltid skrivast betre, også denne.

Men det er mildt sagt feil å hevde at eg – på vegner av hjorundfjord.no – var først ute med saka.  Vi venta med å legge ut saka til saka vart lagt ut på www.smp.no og til ho var omtalt på NRK Møre og Romsdal.  Dette gjorde eg nettopp fordi vi ikkje ville vere først ute fordi eg visste dette var ei vanskeleg/vond sak.  Det kan også opplysast at hjorundfjord.no kjende til denne saka før politiet var komne til den aktuelle staden. 

Så om foto.  Nei, eg la ikkje ut foto av den pågripne sin bustad.  På det eine av fotoa var det rett nok eit hjørne av eit hus, men dette var ikkje av huset der vedkomande budde.  MEN:  Eg er fullstendig klar over at naboar og kanskje fleire, sikkert kjende att staden kort og godt fordi dei kjende dei aktuelle trea/skogen.  Ja, om eg så berre hadde hatt foto av ein bil ville sikkert nokre få kjent att staden.  Slik er det.  Ein kan gjerne seie diverre, men naboar m.fl. til vedkomande  skal få vite at eg fekk e-post frå ein bondaling i 50-åra som lurte på kvar dette var. Så det var nok ikkje heilt enkelt og kjenne att staden.

Saka burde ikkje vore omtalt på hjorundfjord.no

Nei, eg er nok ikkje dummare enn at eg forstår  at  dei som har teke kontakt (eg set stor pris på at ingen av dei har vore anonyme) – og heilt sikkert svært mange andre – kort og godt er sinte fordi eg har lagt ut denne saka på hjorundfjord.no.   Denne saka høyrer ikkje heime på hjorundfjord.no, vert det hevda.

Som dei mange hundre som har lese min artikkelen min ”Mi meining” sikkert forstår, angrar eg likevel ikkje på at eg la ut denne nyhendesaka.  Etter den artikkelen fekk eg fleire tilbakemeldingar, m.a. som kommentarar under artikkelen, som e-postar og ikkje minst var det fleire som tok kontakt direkte.  Alle meinte at nyhendesakene på hjorundfjord.no  måtte attspegle det som verkeleg var nyhende i Hjørundfjorden – både positive og negative.  Skulle så hjorundfjord.no, dvs. eg eller andre, likevel la vere å omtale denne saka sjølv om ho på det aktuelle tidspunkt både var gjort kjent på smp.no og NRK?  Sjølvsagt skulle vi ikkje det. 

Kraftig kritikk hjelpte

Men når eg så har valt å slette denne aktuelle saka, ja, så er det nettopp m.a. på grunn av den kraftige kritikken eg har fått.  Eg har ingen problem med å vedgå at kritikarane av hjorundfjord.no no leiar 1 – 0.  Men eg spør meg no:  Kva nyhendesaker kan hjorundfjord.no no omtale?  Større ras/skred?  Truleg ja. Utforkøyringar med foto av bilen der kjennemerke er sladda? Truleg nei.  Promillekøyringar? Nei.  Pipebrannar?  Tvilsamt – ein kan kome til å henge ut dei som har fyrt feil. Tradisjonelle helge-bråk-fyllsaker?  Tvilsamt. Slik kan ein halde fram. 

Eit par døme.  I går fekk hjorundfjord.no kjennskap til ein bilkollisjon i Bondalen.  I dag fekk hjorundfjord.no kjennskap til ei brannutrykning.  Har desse sakene no blitt omtalt her på portalen?  Nei, absolutt ikkje.  I alle høve underteikna vurderte ikkje eingong å skrive om desse sakene.  Eg vurderte det ikkje ein gong trass i at eg føler meg sikker på at den eine av desse to sakene vert omtalt i Møre Nytt i morgon.  Det same vert den saka som no er sletta frå denne portalen.  Etter ein eventuell omtale av sakene  hadde kritikken kome.  Heilt sikkert.  Artikkelen ”Mi meining” galt i ca. eitt døgn. 

Saker som kan omtalast.

Om ikkje vi omtaler dei nemnde saker, så er det likevel andre hendingar som kan omtalast utan bråk.  Den første snøen kjem snart, aktivitetar i skiløypa vil kome, og ikkje minst vil nye lam kome til verda utpå vårparten.  Dette er nok saker som den som vil kan skrive om utan risiko for kritikk.  Men er det nok for å halde opp interessa? 

hjorundfjord.no skil seg ut

Seinast i dag snakka eg med ein journalist frå Sunnmørsposten.  Han fortalde meg at det som skil denne portalen ut frå svært mange liknande portalar, er kvaliteten på nyhendesakene. Difor vert portalen jamt lesen av Sunnmørsposten. Her er reelle nyhende. Men vert det slik framover?  Mitt bestemt inntrykk er i alle høve at mange hjørundfjordinar og andre med tilknyting her, slett ikkje er modne for ein god, eigen,  nyhendekanal i Hjørundfjorden. 

Skilnad på eg/hjorundfjord.no

Berre som ei tilleggsopplysning igjen:  hjorundfjord.no er driven på rein dugnadsbasis.  Vi har ingen tilsette, men vi har sjølvsagt ein redaktør(også på dugnadsbasis) og vi har ”Ver varsam plakaten”.  Når underteikna skriv om ei nyhendesak, skriv eg gjerne ”hjorundfjord.no” i staden for eg.  Eg gjer det fordi eg skriv for portalen.  Det same kan heilt sikkert andre brukarar gjere – om ein ynskjer. Heilt til slutt nemner eg at det nok ikkje betyr så mykje at den aktuelle nyhendesaka er fjerna, men den kan gje nokon og einkvar ei velfortent tenkepause. Eg kan love at eg skal ta det med ro på nyhendefronten framover. Og eg lever også  med kritikken – i alle høve så lenge den ikkje går over til trugsmål/trakassering.   

Knut Hustad