For ikkje lang tid tilbake fekk styringsgruppa tilsendt fem forsalg til design  på t-skjorta.  Og la det vere sagt med ein gong - alle vi i styringsgruppa vart  positivt overraska.  I dag fekk ei samla styringsgruppe møte grafisk designer Benedicte Kjelland og Torbjørn Håskjold.  Dette er dei to i firmaet Frost media i Volda som arbeider med t-skjorta. Og vi kan allereie no slå fast:  Vi vert samde om korleis t-skjorta skal sjå ut.

IMG_3868

Ja, desse personane veit omtrent korleis den komande t-skjorta vil sjå ut...

Benedicte har lova at ho vil verte ferdige med det endelege utkastet av designen før jul, med diverre tek det - av praktiske årsaker - lengre tid før t-skjorta kjem i salg.   Styringsgruppa lovar likevel at brukarane av hjorundfjord.no skal få sjå, her på skjermen, korleis det endelege resultatet vert sjåande ut.

Styringsgruppa lovar også at t-skjorta  vil verte å få kjøpt i fleire fargar og at ho vert laga både i ein jente/kvinnemodell og i ein gute/herremodell.

Og kva vert premien til den som vinn julekalenderkonkurransen vår? Gjett