natta

Med eit Nikon Coolpix er det avgrensa kva ein kan få til. Likevel fortel biletet om ei stille natt.

 

Vi er inne i dei tre mørkaste vekene i året. Her på Sæbøneset (indre) forsvann sola den 28. november, og ho er ikkje venta tilbake før den 17. januar.

Vel, no om natta er det ikkje sola ein saknar, men kanskje litt månelys. Almanakken viser imidlertid at månen er ne, og det vil ta tre veker før vi har fullmåne igjen.

Uansett, med skydekket vi har no, hadde vi ikkje sett månen likevel.

Vintertida er stille i Hjørundfjorden, og spesielt merkar ein det nattestid. Bilane og folkelivet ein høyrer om natta om sommaren, høyrer ein ikkje vinterstid. Og spesielt no når det er regnver, er ikkje akustikken heller slik at lydar når langt.

Det er likevel fascinerande. Det er stille, heilt stille. Ein høyrer regndråpane falle, og det sildrar i småbekker. Måsane er også tagale, og det gjer stemninga spesiell.

Vi er ute etter å marknadsføre Hjørundfjorden for turistar. Kanskje er nattstilla om vinteren noko å reklamere for? For urbane menneske må dette vere noko heilt spesielt. Ikkje ein bildur, ikkje "menneskestøy" og ikkje noko som forstyrrar, anna enn naturen sine eigne lydar.

Kring om i fjorden har folk pynta til jul. Straumprisen er på veg ned, og kanskje det er årsaka til at det på kvart eit nes, og i kvar ei bukt, kan sjå pynta tre og hus med lys.

DSCN1978

Eit landemerke i Hjørundfjorden har vorte julegrana på Hustadneset. Ho skin godt.

Når det berre er ti dagar att til vintersolkverv, er det også lov til å drøyme om lysare tider. Vi hadde ein flott sommar i Hjørundfjorden i år.

Sæbøkveld

Kanskje vert det slik også komande sommar, med blå himmel, sein kveldssol, og stille fjord?

Nokre av oss tenkjer kanskje på klimaet, og at dette er unormalt: Eit år i Hjørundfjorden skal vere ein våt sommar, våt haust - og ein snørik vinter.

Som Larsa-Knut og andre har påpeika her på portalen: Veret er i grunnen ganske ustabilt. Vi veit aldri, og kanskje er det som gjer det heile så utruleg spennande....

 

Etter oppmoding: Julegrana til Lars Johan Sæbønes på Sæbøneset er også eit landemerke i førjulstida, og for dei som ser godt, bak kan ein skimte fyrlyset på Lekneset. P.S. Oppmodinga kom ikkje frå Lasse, men frå Anton. Han synest det er tøft.