I dag, i eit ufyseleg ver,  sprang/gjekk/jogga eg inn på setra.  Snøen let vente på seg, så ein som har meldt seg på til Birkebeinerrennet må finne seg andre måtar å finne forma på enn å gå på ski.   På denne turen kom eg til å tenkje på Hjørundfjordportalen, sjølvsagt gjorde eg det.  Og eg vart irritert – skal det portalen vere berre for det gode, for det glade, for kakebaking og juletrelystenning?

 

Eg er ein brukar av Hjørundfjordportalen – ja, brukar.  Ikkje meir, ikkje mindre.  Eg stiller på lik linje med andre som les stoff der, eller skriv, eller gjer begge deler.  Nei, eg er slett ikkje ein talsperson for portalen, journalist eller kva ein måtte kalle det.  Eg er ein brukar.  Likevel får eg høyre frå andre at eg ikkje bør meine noko på portalen..  Nei, ingen som sit i styringsgruppa til Hjørundfjorden bygdemobilisering bør visstnok  meine noko. I alle høve ikkje på hjorundfjord.no.  Ein kan skrive, ja, men ikkje meine… 

 

Skal portalen med andre ord vere fri for meiningar – i alle høve frå dei/oss som sit i styringsgruppa?

 

Sjølvsagt skal det ikkje vere slik.  Hjørundfjorden er slett ikkje berre rosenraud.  I Hjørundfjorden er det også problem.  Ja, i Hjørundfjorden er det så mange problem at Hjørundfjorden bygdemobilisering vart starta. Problemet er folketalsreduksjonen i fjorden.  Dette må også gjenspeilast her på portalen.  Ulike meiningar må kome fram,  meiningar må luftast, meiningar må brytast.  Tru meg – skal vi skrive berre om det som alle kan vere samde om, ja, då får hjorundfjord.no ikkje eit langt liv.

 

Nei, å vere kritisk er ikkje nødvendigvis det same som å vere negativ.  Negativitet treng vi ikkje, men kritikk må vi ha.  Det er ikkje berre ei løysing som er den rette på alle spørsmål.  Ulike syn må fram – også på hjorundfjord.no.  Eg skal kome med eit par døme:

 

I sommar skreiv eg ei nyhende .  Eg kalla den ”Ulovleg laksefiske?”  Ja, eg skreiv til og med spørsmålsteikn bak tittelen.  Eit par reaksjonar kom raskt.  Ikkje til meg, ikkje som kommentar under, men via omvegar. – Slikt bør ikkje det skrivast om på portalen. Dette er negativitet.  Det kan øydelegge for laksefisket,  vart det sagt. 

 

Så skreiv eg ein kommentar om at Hjørundfjorden som nasjonal laksefjord også kunne ha negative konsekvensar med seg.  Dette burde eg ikkje ha kommentert, fekk eg vite. Også denne gongen via omvegar.

 

No fekk vi ei herleg utblåsing frå min gode venn Helge Strand etter m.a. kommentaren min.  Utblåsinga var skarp, ja vel, men såpass må tolast.  Utblåsinga til Helge gjorde at mange fekk med seg det han skreiv og mykje kunnskap kom inn i hovuda til oss las.

 

Men det irriterer meg sterkt er at vi – i alle høve eg – tek omsyn til desse som meiner at vi berre skal skrive om det sukketsøte.  Sjølvsensuren har blitt altfor sterk.  Eg tek med ei par saker som portalen burde ha skreve om, men som knapt er nemnt med eit ord,

 

Sæbø grendalag gjorde eins vært god jobb og fekk inn ein person i nemnda som skulle ta stilling til om det skulle byggast turistskipskai i Ørsta sentrum.  Men denne personen meinte tydelegvis noko anna enn dei som valde han inn. Han meinte at det var rett at det vart bygd ei turistskipskai i Ørsta kommune.  No kjem han nok også til å meine at det er fornuftig at kommunen kanskje skal bruke så mykje som 10 – 15 millionar kroner til kaia.  Skriv vi om det her på portalen?  Nei.  Vi vågar vel ikkje.  Vi kan sikkert støyre ein eller annan.  Det er best å halde stilt.

 

Og i Møre Nytt har ei sak om fråveret av dei lovde ølpengane vore diskutert i lang tid.  Det har m.a. kome fram at ein del av desse pengane har vore brukt til å kjøpe eit stort partytelt.  Sæbø Idrettslag har kjøpt seg inn i det same teltet..  Dette teltet vart  brukt som materiallager til det nye Ørsta Amfi.  Kvifor vart denne saka ikkje omtalt hos oss?

 

Kystsoneplanen er eit anna tema.  Planen har heilt sikkert både pluss og minussider.  Er denne saka omtalt på portalen? Har ikkje denne saka interesse for hjørundfjordingane?

 

Eg skriv ikkje dette for å surmule.  Nei, eg skriv det fordi eg ser at hjorundfjord.no allereie er viktig for mange og ikkje minst for bygdemobiliseringa.  No er det  ikkje alltid så populært her i heimen at eg skriv så mykje som eg gjer, men eg set pris på dei mange gode tilbakemeldingane eg har fått og tenkjer at skrivinga kan vere min innsats i bygdemobiliseringa.  Svært mange gjer ein større innsats på andre område, men resultata viser  ikkje så godt at med det same.

 

Det er Rune Sæbønes som er redaktør på Hjørundfjordportalen.  Det er han som bestemmer kva som skal skrivast, eller ikkje skrivast.  Det er altså ikkje Knut Hustad som bestemmer.  Heller ikkje Ivar Svein Mo, leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering.  Men alle tre må få kome med klare meiningar (sjølvsagt ikkje i saker vi diskuterer internt i bygdemobiliseringa) – til liks med alle andre.  Sjølvsagt skal vi ikkje skrive negativitet om privatpersonar, men – som Rune har skrive og sagt – vi skal fylgje ”Ver varsam plakaten”.

 

Og igjen:  Skal vi skrive berre om det glade, det positive, det sukkersøte, ja, då er det ikkje liv i hjorundfjord.no lenge.  Og:  Det er redaktøren som bestemmer om dette skal få stå her på portalen. 

 

Framleis god jul

 

Knut Hustad