I dag, i eit ufyseleg ver, sprang/gjekk/jogga eg inn på setra. Snøen let vente på seg, så ein som har meldt seg på til Birkebeinerrennet må finne seg andre måtar å finne forma på enn å gå på ski. På denne turen kom eg til å tenkje på Hjørundfjordportalen, sjølvsagt gjorde eg det. Og eg vart irritert – skal det portalen vere berre for det gode, for det glade, for kakebaking og juletrelystenning?
Eg er ein brukar av Hjørundfjordportalen – ja, brukar. Ikkje meir, ikkje mindre. Eg stiller på lik linje med andre som les stoff der, eller skriv, eller gjer begge deler. Nei, eg er slett ikkje ein talsperson for portalen, journalist eller kva ein måtte kalle det. Eg er ein brukar. Likevel får eg høyre frå andre at eg ikkje bør meine noko på portalen.. Nei, ingen som sit i styringsgruppa til Hjørundfjorden bygdemobilisering bør visstnok meine noko. I alle høve ikkje på hjorundfjord.no. Ein kan skrive, ja, men ikkje meine…
Skal portalen med andre ord vere fri for meiningar – i alle høve frå dei/oss som sit i styringsgruppa?
Sjølvsagt skal det ikkje vere slik. Hjørundfjorden er slett ikkje berre rosenraud. I Hjørundfjorden er det også problem. Ja, i Hjørundfjorden er det så mange problem at Hjørundfjorden bygdemobilisering vart starta. Problemet er folketalsreduksjonen i fjorden. Dette må også gjenspeilast her på portalen. Ulike meiningar må kome fram, meiningar må luftast, meiningar må brytast. Tru meg – skal vi skrive berre om det som alle kan vere samde om, ja, då får hjorundfjord.no ikkje eit langt liv.
Nei, å vere kritisk er ikkje nødvendigvis det same som å vere negativ. Negativitet treng vi ikkje, men kritikk må vi ha. Det er ikkje berre ei løysing som er den rette på alle spørsmål. Ulike syn må fram – også på hjorundfjord.no. Eg skal kome med eit par døme:
I sommar skreiv eg ei nyhende . Eg kalla den ”Ulovleg laksefiske?” Ja, eg skreiv til og med spørsmålsteikn bak tittelen. Eit par reaksjonar kom raskt. Ikkje til meg, ikkje som kommentar under, men via omvegar. – Slikt bør ikkje det skrivast om på portalen. Dette er negativitet. Det kan øydelegge for laksefisket, vart det sagt.
Så skreiv eg ein kommentar om at Hjørundfjorden som nasjonal laksefjord også kunne ha negative konsekvensar med seg. Dette burde eg ikkje ha kommentert, fekk eg vite. Også denne gongen via omvegar.
No fekk vi ei herleg utblåsing frå min gode venn Helge Strand etter m.a. kommentaren min. Utblåsinga var skarp, ja vel, men såpass må tolast. Utblåsinga til Helge gjorde at mange fekk med seg det han skreiv og mykje kunnskap kom inn i hovuda til oss las.
Men det irriterer meg sterkt er at vi – i alle høve eg – tek omsyn til desse som meiner at vi berre skal skrive om det sukketsøte. Sjølvsensuren har blitt altfor sterk. Eg tek med ei par saker som portalen burde ha skreve om, men som knapt er nemnt med eit ord,
Sæbø grendalag gjorde eins vært god jobb og fekk inn ein person i nemnda som skulle ta stilling til om det skulle byggast turistskipskai i Ørsta sentrum. Men denne personen meinte tydelegvis noko anna enn dei som valde han inn. Han meinte at det var rett at det vart bygd ei turistskipskai i Ørsta kommune. No kjem han nok også til å meine at det er fornuftig at kommunen kanskje skal bruke så mykje som 10 – 15 millionar kroner til kaia. Skriv vi om det her på portalen? Nei. Vi vågar vel ikkje. Vi kan sikkert støyre ein eller annan. Det er best å halde stilt.
Og i Møre Nytt har ei sak om fråveret av dei lovde ølpengane vore diskutert i lang tid. Det har m.a. kome fram at ein del av desse pengane har vore brukt til å kjøpe eit stort partytelt. Sæbø Idrettslag har kjøpt seg inn i det same teltet.. Dette teltet vart brukt som materiallager til det nye Ørsta Amfi. Kvifor vart denne saka ikkje omtalt hos oss?
Kystsoneplanen er eit anna tema. Planen har heilt sikkert både pluss og minussider. Er denne saka omtalt på portalen? Har ikkje denne saka interesse for hjørundfjordingane?
Eg skriv ikkje dette for å surmule. Nei, eg skriv det fordi eg ser at hjorundfjord.no allereie er viktig for mange og ikkje minst for bygdemobiliseringa. No er det ikkje alltid så populært her i heimen at eg skriv så mykje som eg gjer, men eg set pris på dei mange gode tilbakemeldingane eg har fått og tenkjer at skrivinga kan vere min innsats i bygdemobiliseringa. Svært mange gjer ein større innsats på andre område, men resultata viser ikkje så godt at med det same.
Det er Rune Sæbønes som er redaktør på Hjørundfjordportalen. Det er han som bestemmer kva som skal skrivast, eller ikkje skrivast. Det er altså ikkje Knut Hustad som bestemmer. Heller ikkje Ivar Svein Mo, leiaren for Hjørundfjorden bygdemobilisering. Men alle tre må få kome med klare meiningar (sjølvsagt ikkje i saker vi diskuterer internt i bygdemobiliseringa) – til liks med alle andre. Sjølvsagt skal vi ikkje skrive negativitet om privatpersonar, men – som Rune har skrive og sagt – vi skal fylgje ”Ver varsam plakaten”.
Og igjen: Skal vi skrive berre om det glade, det positive, det sukkersøte, ja, då er det ikkje liv i hjorundfjord.no lenge. Og: Det er redaktøren som bestemmer om dette skal få stå her på portalen.
Framleis god jul
Knut Hustad
Kommentarar
Generellt tror og håper jeg at de som er aktive pådrivere i mobiliseringsarbeid, uavhengig av rolle og plassering i utviklingsarbeid er verdifulle ildsjeler som må taes godt vare på. Du er en av de!
Fortsatt God Jul til alle på portalen.
P.S. gler meg til å feire nyttår på Øye.
Det ein gjerne er redd for er å støyte andre, og ein skal prøve så langt det er råd å unngå det. Eg vil iallefall ikkje nemne namn i slike saker, og det trur eg er god journalistikk.
Når det gjeld eigne meiningar så er artiklar meir eigna til meiningsytringar. Nyhende er meir ei nøytral "melding" om kva som har skjedd, og samband med det er det også mindre rom for eigne meiningar. Etterkvart kjem eit diskusjonsforum der ein kan drøfte alt mulig, og her vert det iallefall rom for personlege meiningar (Personhets o.l vil sjølvsagt verte sensurert vekk likevel).
Men ein skal for all del ikkje unngå dei meir ubehaglege sakene meiner eg. Det er nemnleg ikkje slik at alt som skjer i Hjørundfjorden er berre rosenraudt.
Mi "oppfordring" til skribentar er:
Skriv om alt som opptek dykk, også negative ting, men hald saka nøytral som råd..
Hjørundfjordportalen er ein nyhetskanal for bygdefolket!
Det eg lurer på om nokon veit er kvifor det i utgangspunktet var slik at alt overskot av ølsalg skulle gå til kulturen. Var det for at ingen skulle tjene på denne "styggedommen"?
Eit anna tema som eg har vore innpå tidlegare er stenging av føda i Volda. I Møre Nytt i dag kunne ein lese at ordførarane i kommunenen ville gå inn for å auke folketalet, men høyrde vi noko frå dei angåande stenging av føda? Ikkje som eg kan kome på no i allefall. Eg trur faktisk det å oppretthalde dette tilbodet i Volda er med på å halde oppe folketalet.
Om føden vert nedskjært vert det sannsynlegvis streik her i huset, og eg vil oppmode fleire om det same. Eg vurderer også alkohol streik om eg ikkje får være med på å støtte kulturen i same slengen, eller kanskje eg handlar i bya;)
Fortsatt God Jul og Godt Nyttår, og stå på Knut, gi blaffen i denne uoffesielle bygde-sensuren!
Då er ein vel bedre tent med at ein får tatt opp dei sakene som er aktuelle. Når dei står omtala på portalen vert det kejndt kva som skjer og fleire kan være med å delta i prosessane.
Og at synet på kva som er aktuelle tema kan variere med lesarane er heva over ein kvar tvil.
Det er først når folk veit at dette er tema som er oppe til diskuajon at dei vert engasjerte. At ekelte (les Knut H.) er flinkare til å halde seg oppdatert om kva som rører seg rundt om enn andre (les kritikerane)er heilt greit.
At enkelte ikkje ser hensikta med å halde seg oppdaterte om noko som helst er vel og greit.
MEN DET ER IKJE GREIT AT EIN GÅR TIL PERSONÅTAK PÅ DEI SOM TEK OPP TING.
Ein må skilje sak og person.
Ein kan heller ikkje sei at fordi ein person er flik å orientere seg om kva som skjer - og gidd å ta seg tid til å formidle dette til andre - så skal dei ikkje få meine noko! Det blir feil.
Så få opp kystplana og kjemp for føden, ta med kva lokalpolitikarane frå Hjørundfjorden sei, gjer og meinar i dei ulike sakene. Dersom det ikkje kan tolast, så må ein spørje kvifor.... Å få svar.
Trur nok at det er ved at ein tek opp ulike saker som vil få stor betydning for fjorden framover at ein held interessa for både hjørundfjor.no og bygdemobiliseringa ved like.
Et anna eksempel på godt arbeid er artikkelen "ung på Sæbø" skrevet av Sara Årset. Ein godt skrevet artikkel om korleis ungdommen har det. Det vart fulgt opp med stort møte der ungdommane fekk kome med sitt syn på kva dei vil ha. Og dataparty er arrangert. Kjempeflott. Og viktig at også dei yngste vert hørt.
Og kanskje er det lettare for enkelte å nytte seg av forumet en å stå i ei forsamling å prate - alle skal kunne verte høyrde.
Det er mi meining.
Så kom det ein stor diskusjon om kva som skulde verte framtida. Salg av øl i butikk, ølmonopol etter Førdemodellen eller fortsette som før.
Førdemodellen gjekk i korthet ut på at det vart oppretta eigen butikk for salg av øl. Og at % av salget skulde gå til kulturen og fordelast via eget styre med respresentata fra ulike kommunale og kurlturelle organ.
Som kjent var det då valgt Førdemodellen og ølbutikk. Det varte nokr år, så overtok nye krav om tilgjenge og ein fekk øl i butikk.
Men kravet om % av salget skulde gå til kulturen vart oppretthalde og det er då disse pengane som ikkje er fordelte.