Oddvar og eg er på besøk i den koselege saudefjøsen til Per Sverre Myrhol.
Sjå dei flotte murane frå 1889!
Ikkje til å undrast på at veren, som kjem frå Mo i Ørsta, har laga mykje lam siste månaden.
Per slepper den inn for å sjekke, men i dag er det ingen som "står". Han jagar litt og bretter opp lippa til ære for fotografen. Han forstår tydeleg at det vert ikkje noke skikkeleg sprang i dag, for han driv kun forspel.
Saudene er meir interressert i fotografen enn veren.
Siste spranget for i år kan vere gjort. Og kanskje for alltidt for den kåra veren. Takka for vel utført arbeid, kan vere ein siste tur på Voldsdalsberga uti februar, når brondarlukta har sleppt taket.
Per har trappa ned på saudetalet. Men har ingen planar om å gi seg heilt som saudebonde.
Det er no bra. Med slik ein fin saudefjøs, og slike fine beite på skuggesida i Frølandsdalen.
Men det er no det med lønsemda då?
Kommentarar