Portalmøte 008

Kursdeltakarane følgjer med.

 

Kurset vert halde fordi fleire av hjorundfjord.no sine lesarar ynkjer å få vite meir om portalen. Ikkje alle er heilt inne i dataterminilogien, og nokre har hatt litt vanskar med å finne fram. Engasjerte kursleiarar prøver akkurat no å få retta på det.

 

Portalmøte 002

Knut Hustad informerer om Hjørundfjordportalen, medan Rune Mo er teknikar for kvelden. Han informerte også om Bondalen grendehus sin nettsider (som ein kan finne lenkje til på hjrundfjord.no).

 

Det er mykje hjorundfjord.no sine lesarar lurer på. Særleg gjeld dette innlogging og det å registrere seg som brukarar. Dette vert det no gjeve info om, og den informasjonen vil vi også kome med her på portalen etter kvart.

Portalmøte 006

Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes i hjorundfjord.no teiknar og fortel. 

Mellom anna har dei som er på kurset fått vite korleis dei kan forstørre bileta som illustrerer artiklane og nyhenda på portalen. Det er berre å klikke på biletet, halde på det, og så kn det verte forsørra enno ein gong.

Kurset held no fram utover kvelden, og viss det skulle vere behov for det, vil hjorundfjord.no arrangere tilsvarande kveldar.

 

Portalmøte 001

Sjå kor folk følgjer med.