
Kursdeltakarane følgjer med.
Kurset vert halde fordi fleire av hjorundfjord.no sine lesarar ynkjer å få vite meir om portalen. Ikkje alle er heilt inne i dataterminilogien, og nokre har hatt litt vanskar med å finne fram. Engasjerte kursleiarar prøver akkurat no å få retta på det.

Knut Hustad informerer om Hjørundfjordportalen, medan Rune Mo er teknikar for kvelden. Han informerte også om Bondalen grendehus sin nettsider (som ein kan finne lenkje til på hjrundfjord.no).
Det er mykje hjorundfjord.no sine lesarar lurer på. Særleg gjeld dette innlogging og det å registrere seg som brukarar. Dette vert det no gjeve info om, og den informasjonen vil vi også kome med her på portalen etter kvart.

Ivar Svein Mo og Rune Sæbønes i hjorundfjord.no teiknar og fortel.
Mellom anna har dei som er på kurset fått vite korleis dei kan forstørre bileta som illustrerer artiklane og nyhenda på portalen. Det er berre å klikke på biletet, halde på det, og så kn det verte forsørra enno ein gong.
Kurset held no fram utover kvelden, og viss det skulle vere behov for det, vil hjorundfjord.no arrangere tilsvarande kveldar.

Sjå kor folk følgjer med.
Målet nådd??? (09.12.2006 kl. 21:17)
Registrerer at det no er 186 registrerte brukarar no. Det er vel på tide å gå for eit høgare mål no Knut.
Roy Lillebø
Brukarar (09.12.2006 kl. 10:20)
Eg og Håkon har sletta ein del brukarar som ikkje har godkjent brukarkontoen sin så vi har nok kunna ha runda 200 talet, men vi har sett at det har vore stor aktivitet i antall nyregistreringar. Vi må sjå nærare på korleis ein kan gjere det enklare å aktivere kontoen sin.
Hvis nokon kan fortelje oss om eventuelle problem med registreringar så kan vi få ordna det opp i portalen versjon 2.
Tor Eirik Trandal
Glimrande, Roy. (08.12.2006 kl. 23:12)
Vi har ikkje nådd målet på 186 registrert brukarar, men kvelden er enno ung. I alle høve har fleire registrert seg som brukarar i løpet av siste døgnet. Glimrande.
Knut Hustad
Hei Knut (08.12.2006 kl. 22:02)
No har eg fått orden på passordet igjen:-)
Roy Lillebø
Bra oppmøte (07.12.2006 kl. 21:38)
Måtte berre inn å sjå korleis dokke har det framme på grendahuset. Ser ut som dei som har møtt opp er interesserte og lærevillige.
Portalen er eit nyttig verkty som det løner seg å mestre. Kanskje får vi sjå artiklar og nyhende frå andre enn våre "faste" journalistar etter kvart.
Lykke til!
PS: Såg Rune hadde fått på seg t-skjorta også! Ein mann med sans for detaljar! :P
Tor Eirik Trandal
Flott (07.12.2006 kl. 21:30)
Stort oppmøte på kurset vårt. Kjempeflott.
Knut Hustad