Barna fekk vere med å lage deig, ein riktig stor ein slik at alle som ville skulle få bake og smake. Men først måtte alle vaske hendene. 

løfse-2løfse-1

Heldigvis har vi store bord: plass til mange barn, ei steiketakke og løfsene som vart ferdig steikt. Deigen var svært barnevennleg, og tålte både røff og forsiktig handsaming. Dei yngste bakarane fyller 3år først over nyttår. 

løfse-3  løfse-4

Etterkvart havna leivane på steiketakka, der vart dei full av klumpar når dei byrja å heve seg. Var det klumpelefser vi laga mon tru? Men nei, då vi fekk snudd leiven forsvant klumpane. Så fekk vi oppleve at løfsene vart vaska! - godt med vatn fekk vi stryke på før dei måtet kvile litt. Å smøre dei var og kjekt, då vart fotografen opptatt av arbeidet og gløymde å fotografere.

løfse-5 løfse-6

Til lunsj vart det først skive, så løfse. Vi sparde nokre, kanskje klarer vi å spare på dei til besteforeldrekaffen? Iallfall har vi lyst til å prøve å gjere det same neste år.

Tusen takk for hjelpa Astrid.  

PS - Elles har vi baka julemannar, potetmelstoppar og laga syltaflesk.