LAGSBOKA 2006
God kveld godtfolk
2006 var det store mobiliseringsåret i Bondalen og Hjørundfjorden. I lagsboka skal vi år syne at det vart mobilisert på så mangt eit vis. Nokre mobiliserte mykje, andre mindre, medan nokre berre var mobile. Ja, nokon verken mobiliserte eller var mobile. Andre igjen måtte etter kvart passe på tida, og det skal eg gjere også, for elles risikerer vi at folk sluttar å kome på tredjedagsfesten.
Lat oss først ta det alle har prata om i Hjørundfjorden i år. Nei, det var ikkje det de tenkte på. Eg snakkar om veret. I år har vi hatt berre to typar ver. Først var det sol, og så kom regnet. No høyrer også vi endeleg til ein stad på kloten vår der vi ikkje er så avhengige av vermeldingane lenger, men kan sjå på kalenderen i staden. Turketid og regntid.
Likevel, vi må nok spørje oss sjølve kor lenge desse periodane varer. Regntida ser ut til å verte lenger enn verst. Dei som gler seg mest er nok kraftprodusentane,- og dei som har planar om å byggje ut. Viss dei får lov då. På Årset og Kvistad arbeider dei intenst med å leggje elva i røyr. Det er å gå til krig mot dei som livnærerer seg av å ta bilete av elva, og natuen i kring.
Tidleg på året starta det som prega Bondalen og Hjørundfjorden i år. Nemleg bygdemobiliseringa. Bakgrunnen var dyster. Vi vert stadig færre i Hjørundfjorden. På det store bygdemobiliseirngsmøtet i februar kom den enklaste og kanskje beste løysinga fram: ”Vi må liggje meir saman, lag ungar”, vart det sagt.
No er ikkje det like enkelt for alle. Difor vart det sett i verk ei rekkje prosjekt som skal skape trivsel og glede ved å bu i fjorden, og tiltak som kan skape nytt næringsliv. Nokre prosjekt er alt i gang. Og hovudpoenget er at tiltakslysta og kreativiteten skal prisast. Det er ikkje alltid så enkelt. Det gjeld til dømes dei som klarer å brenne opp jonsokbålet kvar einaste gong det er Hjørundfjorddagar, eller han som skulle turke sei slik bestefaren gjorde. Neste gong bør han spørje bestefaren til råds, slik at hele Sæbø slepp å lukte eksperimentet.
Men nokre tiltak er verdt å prise, ikkje alle eit direkte resultat av bygdemobiliseringa, men likevel. Bakeriet har sommarope og juleope, vi har fått strikkekafe og fått veg langs rampa. Badeplassen og Kapteinskvia skal verte eit Frognerparken i miniatyr, og Sæbø sentrum er visualisert slik at Manhattan skyline kjem i skuggen.
Ein av dei som har mobilisert til å verte meir mobil, er han som tek opp arven etter Kvistad Auto. Med mobil kran skal folk i dalen hjelpast. Frå å flytte leikehytter, kanskje fleire hus på Kvistad, til endå tyngre ting. Eit lite tips til forretninga er å tilby tenestene til alle dei som pyntar trea sine før jul. Dei vert stadig høgare, og pærene og lyslenkjene må verte fleire og lengre. Mottoet skal firmaet frå gratis - Frå Ingvild Bryn til Ane Bruun: ”Lift me”.
I tv-verda er realityseriane noko av det mest populære. I år hr vi opplevd ein slik realityserie i Hjørundfjorden også. I arbeidet med å få til samdrifter i Bonalen, er det tydeleg at ein vis realityserie har vore modellen. Nei, vi tenkjer ikkje på ”Skal vi danse”, men på Big Brother: ” Her er det nokon som skal ut.”
Litt Big Brother var det også i august, og då i tydinga storebror ser deg. Dei to som kom heim frå Trandal til Sæbø seint ein fredag kveld skjøna i alle fall lite då dei vart avkrevd legitimasjon av nokre menn i uniform med våpen attåt. Dei var ikkje heilt klar over at årets store hending, Commando Raid 2006 hadde byrja.
Det skulle nemleg vere litt hemmeleg, men brått forstod alle at noko hende. Dei som skjøna det først, var dei på Holen. For med eitt small det overalt i området i og ved grushola. Nabovarsel er ikkje commandogneralen si sterke side.
Ein verknad fekk kommandoraidet, nemleg at Hjørundfjordportalen vart opna for omverda. Talet på vitjingar fauk i veret då soldatane skulle lese om seg sjølve. Hjørundjordportalen har vorte ein ny treffstad for hjørundfjordingane dette året. Dette er staden alle skal innom i løpet av dagen. Spørsmålet er likevel om dette er god bygdemobilisering. For når folk i heimane vert hekta på data, og gjerne kvelds-og nattestider – korleis vert det då med anna hyggje og auken i folketalet?
Mobiliserte gjorde også insekta i år. Først var det moldoksane. Attlegene i Bondalen vart sjeldant porøse av alle gangane moldoksane laga. For bøndene vart det ein tragedie etter kvart som desse glupske åmene åt av førsteslåtten, men for store delar av media vart det ei fråtsing i ei verd som var ukjend for journalistar. Og kanskje førte hendinga noko godt med seg, for no veit vi kvifor vi til våren skal speide etter staren.
Om staren er sjeldan, er i alle fall ikkje admiralane det. For i Sør-Europa mobiliserte denne sommarfuglen, og følgde godveret mot nord. På seinsommaren kom dei til Hjørundjforden, og kasta seg over alt som var av søtsaker.
Ei stund var alt svart og oransje, og nokon trudde at no var heile Hjørundfjorden vorte AaFK-supportarar.
AaFK var for mange laget å halde med i år. Nokon heldt likevel på Sæbø. Men då alt skulle avgjerast mot erkerivalen Åmdal, rakna det. Det var sjokkerande nok gjestane frå andre sida av Eidet som mobiliserte på Sæbø stadion, og då det var vrakgods frå Bondalen som vart matchvinnar for Åmdal, vart det ”AafK til e dør” for alle.
Så var det dei som ikkje mobiliserte. Den som først fekk nyss om det, var biskop Odd Bondevik, så Møre-Nytt sine lesarar, og der etter Sunnmørsposten sine. Vi hadde visst eit sokneråd i fjorden som var flinke til å måle gjerde, men ikkje fullt så flinke med det åndelege. Heller ikkje resten av kyrkjelyden. Vi vart færre og færre i kyrkja. Det var mest slik ein statsleiar sa for nokre tiår tilbake: ”Skaff meg eit nytt folk”.
På Hauen vart det klekt ut eit svar. Vi skal ikkje gå for mykje inn på dette her. Berre konstarere at det vart ein debatt om tid og salmar. Og no i ettertid kan vi slå fast at kyrkjebesøket når nye høgder, og at ”Gjer døra høg gjer porten vid” også har fått ei tyding i Hjørundfjorden.
Den som oppdaga det for lenge sidan, var Christian Gaard på Trandal. Der har porten vore høg og døra vid i lang tid. Faktisk både opnare og vidare enn teknisk sektor i Ørsta kommune veit om.
Frå nær og fjern har folk mobilisert, og reist til Trandal og Hjørundfjorden. Tjue turisskip kom til Øye, og rutebåten er i drift att. No fraktar han turistar frå nær og fjern, og ikkje ull og mjølk som i gamle dagar.
Det gler oss som styrer med lagsboka at M/S Hjørundfjord har vist seg som ein verdig avtakar etter Rødhette. Likevel går det rykte om at mannskapet også no vert kasta til ulvane, om det er frakt av sauer frå Maradalen, eller det er å skipe heim folk frå ein av fjorden sine serveringsstader.
Og sist, men ikkje minst, vil vi gratulere Margrethe og Bjarne Rekkedal og Rekkedal gjestehus som årets bygdeutviklingsverksemd i Møre og Romsdal.
No er tida ute.
Ha ei framleis god jul
Kommentarar
Tek gjerne med eit referat frå festen og. :-)
Men - kven vart årets Bondaling?
Alltid kjekt med nytt stoff på portalen;)
Venta på eit referat om festen eg også, men årets bondaling vart Ivar Svein Mo, for innsatsen i bygdemobiliseringa og kulturvernlaget.