bilete2

Her har filmskaparane fanga morgonlyset.

- Som haustproduksjon ved dokumentarfilm-lina ynskte vi å lage ei høgst estetisk naturskildring av Sunnmøre sitt vakre og mektige landskap. Vi la hovudvekt på Hjørundfjorden og landskapet om kring. Vi brukte mykje tid ute, og filma blant anna fjelltoppar, fjord, fossar og elvestryk. Vi ynskjer å skildre dette landskapet som ei reise gjennom ein dag, dervi vi dokumenterer naturen i både morgonlys, dagslys og kveldslys, fortel Christer John Auger.

  

I tillegg har filmskaparane teke i bruk diktet ”Hjørundfjord”, skrive av Kristofer Randers, som bakgrunnsopplesning. Det er her Helge Nordang kjem inn. Han er nemleg diktlesar.

 

- Dette er eit vakkert dikt som har ei viktig historisk plassering i Sunnmøre si litteratursoge, samstundes som det skildrar landskapet omkring Hjørundfjorden. Naturbilda og diktet er difor klipt i fin harmoni med kvarandre, fortel Auger.

 

Hovudperson i dokumentaren er ein eldre mann (Nordang) som vert følgd gjennom heile dokumentaren medan han ror i ein gammel trebåt på Hjørundfjorden og ser opp og utover det mektige naturlandskapet kring fjorden.

 

- Dette er med på å skape ei handling gjennom dokumentaren, ettersom vi følgjer han når båten vert sett på fjorden, medan han ror - og til slutt når båten vert teke på land, fortel Auger.

bilete1

Benjamin Hjort og Christer Auger var høgt til fjells for å filme dei beste vinklane.

   
Målgruppe
 

Tittelen på filmen er ”Der man ferdes” . - Det estetiske biletet står veldig sentralt i filmen etter som vi ynskte å ha med ein tilskodar på ei visuell reise i Hjørundfjoren. Målgruppa for dokumentaren er hovudsaklig alle aldersgrupper med interesse for natur og friluftslivaktivitetar. Men dokumentaren har ei veldig rolig og poetisk rytme som gjerne fell meir i smak hos dei eldre enn hos dei yngre. Han er også eigna til bruk i reiselivsnæringa til promotering av norsk natur, seier Auger.

 

Bodskap

 

Hovudmålet med prosjektet er for Auger og Hjort å formidle det estetiske i naturen kring Hjørundfjorden og framstille folk sin kjærleik til landskapet.

 

-  Vi tek difor i bruk estetiske bilete av personer og deira nærleik til naturen. Dette er blant anna friluftsaktivitetarsom elvepadling, sjøfiske frå båt og skitur i fjellet. Dette er samtundes med på å skape ei moderne skildring mellom mennesket og naturen -  som bryt med det tradisjonelle i diktet.