Hjørundfjordportalen vert stadig meir nytta.
Det skjer på Bondalen grendehus, komande torsdag kl. 20.00. I tillegg til litt fagleg, legg vi vekt på å ha det sosialt der folk kan få kaffi og kaker, og der det kan stillast spørsmål undervegs.
Sjølve meiner vi at hjørundfjord.no er ganske enkel å leite fram i, men vi har forståing for at ikkje alle synest dette. Er det noko vi ynskjer, er det jo at portalen skal verte mykje nytta, og gje svar på spørsmål som vert stilte om Hjørundfjorden.
Dei ivregaste lesarane vil sjå at vi har oppgradert protalen i det siste, mellom anna med å ha lagt inn lenkjer til fleire reiselivsbedrifter under "Reiseliv" i venstremargen.
Vi har eigentleg som prinsipp at lenkjer og tilvisingar til kommsersielle aktørar skal vere ei betalingsteneste. Inntil vidare seier vi likevel at det vert ei gratisteneste. Det viktigaste no er å få vist kva Hjørundfjordportalen kan nyttast til.
Samstundes er det klart at når Hjørundjfordportalen etter kvart vert meir nytta, og lesarane krev innhald og oppdateringar, vil det krevje meir ressursar til å drive portalen. Det vil koste pengar å drifte ei oppdatert internettside, og det håper vi brukarane vil ha forståing for.
Men først av alt inviterer vi altså til eit minikurs i bruk av portalen. Hjarteleg velkomne torsdag.
Kommentarar