Når eg har knapt om tid, når det er dårleg ver, eller eg rett og slett berre får lyst. Då går eg til Klokkura. Mange gonger åleine, i lag med Helga, eller ein av likesinna kompisar.

Er det tøya, køyrer eg til enden av Stokkesidevegen. Då tek det 30 min å gå, om eg langar ut. Skal ein sjå seg i kring, og gjerne stoppe på Stokkesetra, må ein rekne eit kvarter til. Er det snø, må ein doble timen, om ein må gå frå Myrholen på ski.

Mange av turane huskar eg på grunn av spesielle hendingar. Eg har gått både i måneskin og i mørkna. Men aller best sit nok gleda med turen i fjor, 8 dagar etter at eg vart oppsaga på feiringklinikken.

 Allereide dagen etter operasjonen tok eg til å tenkje på at eg skulle dit så fort eg kom meg heim. Lars Petter, som gjekk i lag med meg likte seg ikkje, og tykte eg gjekk for fort. Han såg nok for seg ein daud mann i råsa, men det gjekk heldigvis bra, sjølv om eg sov dårleg i den harde senga om natta.

DSC00018

Søndag 3.des, var eg ein tur fram. Då hadde Ura gjort seg klar for vinteren. Det var heilt stille. Ingen bjølleklang frå Jo eller Pe kyrne var å høyre. Sjøl om sørausten laga bra ver og temperatur.

Som sagt har eg eit utal av minner frå Klokkura. Eit av dei beste er 50 årsdagen til hytteeigaren, Myrhol Per.

 Det var ein fantastisk julikveld. Det aula av folk, og det var kjekt!

Pers 50årsdag etc. 320

 Her er den glade jubilanten i lag med nokre av gjestane.

Går ein opp langs ura på fremste sida endar ein slik at ein ser ned i Klokkurdalen, der vatnet ligg. Ein karrig stad, men for meg ein idyll mellom kampesteinar. Sjå berre her, kor fine blomar eg fann! 

Blomar høgt til fjells

 Gullris og geitrams.       Klokkurvatnet med Kolbeinskaret i bakgrunnen.

 

 Eg må nesten ta med eit vinterbilete også, eller rettare sagt vårbilete. Dette er frå april i år. Helga og Emil er på veg mot Tryvatna, vi ser klokkura  i bakgrunnen, ein strålande kvardag då vi ga blaffen i arbeid og gjorde det vi hadde mest lyst til.

 

 

 Våren 2006 032

Helga og Emil har passert Klokkura og er på veg mot Tryvatna.

Eg gler meg til å smørje opp skiene og ta turen att.

 Eg vert aldri lei Klokkura, same kva årstid  det er. Og håper eg greier turen i minst 30 år til!!