Etter å ha overnatta på "Hoemsbu", gjekk Helga og eg ein tur innover vegen i dag tidleg i det nydelege veret. Då kom Helga på at ho hadde høyrdt på radioen at det var einkvan på Nordmøre som hadde plukka rikeleg med traktkantarell.

Dermed enda vi i skogen for å sjekke. Og vi hadde ikkje gått langt før vi fann sopp. Og vi tok med ei prøve heim att på hytta. Dagfinn Hoem konstaterte at det var Bleik piggsopp, som er ein god matsopp.

Dermed barst det inn att etter frukosten. Det tok ikkje lang tida å fylle eit nett, med fast, fin sopp, Sjølsagt uten innsektskader på denne tida av året.

Med 2 grader pluss vart det litt kaldt for fingrane, men det er trass alt ikkje sommars dag.

DSC00022

Her har vi nesten fyllt eit plastnett.

Vi sjekka i boka då vi kom heim att. Og Dagfinn hadde rett! Det var piggsopp,

No er dei forvella og nedfrosne til seinare bruk.

Vi gjorde oss sjølvsagt ein tur inn på Rognestøylen i det fine veret, og det er nesten så ein kan lure på om det har grønkast.

 

DSC00017

 

 Trur nesten at Rognestøylen kunne hatt mat til ein liten saudeflokk denne jula.

 

DSC00018

Og kneip det med julefisk, så er vatna klar for ei garnsetning.