Vi er litt usikre på kvar Kjell Johan bur, eller kvar ein kan finne julenissen, men Synnøve Louise Mo veit i alle høve kven julenissen er.

Som vi brukarar av Hjørundfjordportalen veit, er det Synnøve som leiar suverent i den uhøgtidelege julekalenderkonkurransen til Kjell Johan.  Tilfeldig? Neppe.

IMG_0003

Her sit Synnøve og assistent Sandra (eitt år i februar) framfor laptopen/pc-en.

Og for den som måtte ha tenkt tanken: Det er ikkje tilfeldig at det er Synnøve som flest gonger har funne kven dagens julenisse er.  - Det har raskt gått nokre timar framfor pc-en for å løyse ei oppgåve, seier Synnøve til hjorundfjord.no. - Men no går det raskare å finne løysinga etter kvart.  No har eg nemleg gått gjennom alle fotoa på portalen  mange gonger. Dermed er det lettare å kjenne att personen når oppgåva kjem.  - Men du var ikkje først ute med løysinga i dag?  - Neivel..., seier Synnøve.  Jau, Synnøve hadde nok løysinga tidleg klar også i dag, men vi forstår at ho synest det er kjekt at andre også får kome med løysinga.

Synnøve orsakar seg nesten fordi ho leiar konkurransen.  - Eg er heldig å ha mammapermisjon for tida.  Dermed kan eg bruke litt tid på oppgåveløysing når Sandra søv, seier ho.  Men Synnøve understrekar at ho likar svært godt ein quiz eller to.

Men for eit par dagar sidan tabba Synnøve seg ut.  - Eg klarte ikkje å løyse oppgåva der Arnt Egil Hjellen var nissen.  Og det er flaut, fortel Synnøve - vi jobbar nemleg i same firma, Westres bakeri...

IMG_0005

Sandra er snart like ivrig som mamma Synnøve.

Synnøve seier til slutt at ho på ingen måte er sikker på at det er ho som vinn konkurransen.  Neivel, seier vi, det er framleis 10 luker att, men den skal vere flittig den som slår Synnøve.  Men har ikkje oppgåvene til Kjell Johan blitt vanskelegare i det siste?