Ein lokal person vert kvar dag presentert med heiderstittelen "Dagens julenisse", og er du registrert som brukar på portalen kan du vere med og tippe på kven personane er. For at det ikkje skal verte alt for vanskeleg har alle personane på eit eller anna vis vore i nyhendebildet på hjorundfjord.no tidlegare i år.
Endå ikkje registrert som brukar? Det kan du enkelt gjere her, og vips er du klar til å vere med.
Då er det berre å ønske lykke til. Veit du kven personen er? Gi svar i kommentarfeltet nederst.
Løysinga på kvar konkurranse kjem når ny luke vert lagt ut, dagen etter.
1. desember: Kven er eg?

Løysing:
http://www.hjorundfjord.no/grafikk/artiklar/bygdemobilisering_0021.jpg
Bra at noke som er ferdigt til jul.. (02.12.2006 kl. 12:30)
Det er godt å være ferdig med julenisseoppgåva til jul. Dette var kjekt og vil gjere porttalen populær fram mot jul.Det er 22 nye nissar som skal prøvast til før jul så ein kan berre gle seg kvar og ein.
Når Knut J. trudde eg hadde meg ein god ein, så kan ein berre tenke seg situasjonen med storesjefen vår på venstre side og ei flott dame på høgre, så eg kan ha grunn å himle med augene på dette bilete. Lukke til Kjell-Johan dette vert suksess, men folk er flinke så lag ikkje oppgåvene for lette.
Ivar Svein Mo
Ivar Svein Mo (02.12.2006 kl. 08:00)
Var heilt korrekt. Første poeng til Ole Stokke som var raskast ute.
Kjell-Johan Aarseth
Blits (01.12.2006 kl. 23:54)
Ivar Svein har litt problem med blits. Han er heilt klar - og drivkrafta for bygdemobiliseringa.
Rune Sæbønes
Hærli kjellis:) (01.12.2006 kl. 22:34)
Hærli at potalen også he fått julekalender:)
Ivar fram på Gøtene ditta:)
Ingunn Hjorthaug
(01.12.2006 kl. 21:18)
Enig i at det er Ivar, men hadde aldri funne det ut på eiga hand. Han må ha seg ein god en på biletet.
Knut Riise
Enig med Ole (01.12.2006 kl. 15:32)
Ej støtta na Stokke-Ole på at det liknar på na Ivar Svein. Flott tiltak ditte Kjellis.
Lisbeth Aklestad
Eigaran av bakeriet? (01.12.2006 kl. 12:46)
Unn Frøland
JULENISSEN (01.12.2006 kl. 11:39)
julenissen i dag er sjefen for bygdemobiliseringa IVAR SVEIN MO
Ole Stokke
Ole Andreas Stokke
Julenissen????? (01.12.2006 kl. 11:26)
Det trur ej ;)
Veronica Skogstrøm Bigset
eller sjefolainen :) (01.12.2006 kl. 10:51)
Får håpe dette vert ein litt morosam vri no i førjulsstria. Vil legge til at julekalenderen skal vere for alle aldrar. Kanskje vankar det ein premie ôg til den som klarar flest rette fram mot jul.
Kjell-Johan Aarseth
Flott, Kjell-Johan. (01.12.2006 kl. 09:38)
Takk for at du ordna denne kalendaren - kvar du no er - gode nabo. Konge, som dei seier i Pondus.
Knut Hustad