Kjempe fin julekalender! (25.12.2006 kl. 22:13)
Ein stor takk til deg Kjell-Johan som har laga denne julekalendaren på portalen, arti og veldig bra kalendar;)
Vil gjerne kome med nokon forslag til neste års julekalendar;)(Regnar med at dette blir ein tradisjon på portalen kvar jul no!)
Synst julekalendaren i år var spennande, i alle vanskeligheitsgrader frå 1 til 24. Desember, 24.Desember var overraskande og ein spennande vri på julekalendaren;)
Kanskje kunne det vere ein ide og sende svara på e-post neste år, der alle kan føle at dei kan delta på kalendaren. Og bruke bilete frå portalen var lurt, då har ein litt meir begrensa område og leite på. Men portalen veks meir og meir for kvart år no, så det bør vel vere begrensa kor langt bak i tid ein kan gå og hente bilete.
Og då gi ekstrapoeng for den som kan oppgi kvar orginalbiletet er henta frå,og eventuelt ha ei trekning om det er fleire som har svart rett samme dagen.
Som i år var det ein stor fordel som dei som var heime når julekalendaren var lagt ut, andre har ikkje muligheit og sjå på kalendaren før arbeidsdagen er ferdig.
Men det kan vel kanskje bli veldig tomt på portalen med kommentarar, om ein skal sende alle svar på epost, kanskje berre svaret på kvar biletet var henta i frå heller.
Nei ikkje veit eg, men har tenkt på det litt, ein 1.premie, 2.premie og 3.premie med kanskje!
Ei fortsatt God Jul til alle sammen!
Synnøve Mo
Thomas Hustad (25.12.2006 kl. 12:08)
var sjølvsagt nissen på julaftan. Rebekka fekk kalenderens siste poeng. Sluttresultat er oppdatert i artikkelen. Fortsatt God Jul!
Kjell-Johan Aarseth
Godt arbeid, og god jul (24.12.2006 kl. 14:02)
Tusen takk for godt arbeid med julekalenderen, Kjell -Johan.
Saman skal vi nok greie å finne både stoff, tema og tevlingar som gjer hjorundfjord.no like interessant framover.
Om ikkje lenge har vi også premiane klare, nemleg t-skjortene. Der er vi inne i sluttfasen med å avgjere utsjånad. Der etter vert det å finne dei beste til å trykkje skjortene. Alt skal vere av topp kvalitet.
Då står det berre att å ynskje alle gode medhjelparar, brukarar og lesarar av hjorundfjord.no ei rett god jul!
Rune Sæbønes
Tusen takk! (24.12.2006 kl. 12:40)
for fine ord, Ivar Svein. Hadde vel ikkje sett for meg at konkurransen skulle skape slikt engasjement. Men det er jo veldig positivt. Det er kjekt at stadig nye registrerer seg, og skriv artiklar og stoff på portalen. Ynskjer også at det kjem tilbakemeldingar på sjølve konkurransen. Har oppgåvene vore for lette/vanskelege, er det betre med ei anna form for poenggjeving, svar pr. epost til dømes? No har samtlege originalbilete vorte henta frå tidlegare artiklar og frå biletgalleriet her på portalen. Er det ein idé og bruke andre bilete ôg? Kom gjerne med ein kommentar, så kanskje vi kan lage ein endå betre julekalender neste gong.
Vil takke alle som har bidratt til svar og kommentarar til kvar oppgåve. Med brukarane sin gode respons har det også vore inspirerande å lage julekalenderen.
Med ynskjer om ei god jul!
Nisse-Kjell
Kjell-Johan Aarseth
Den 24. nissen (24.12.2006 kl. 12:20)
frå Kjell-Johan.Vi som har gått med ein angst kvar dag i heile desember for å ikkje greie å løyse julenisseoppgåva fekk ei uventa nøtt i dag, som passa ypperleg på sjølve juleafta. Overaskinga var vel mest fordi vi hadde gjordt oss opp ei meining kvar og ein,- at den 24.des. må den aller vansklegaste oppgåva kome..
Det er ikkje vanskeleg å forstå at denne gjennomførte og tilsynelatande enkle konkuransen har Kjell-Johan hatt mange arbeidstimar bak. Dette har gitt brukarrekord på hjorundfjord.no. Eg vil takke Kjell-Johan for ein vel utført jobb og du har har samla gamle og unge på portalen på ein utruleg fin måte. Du har kome med eit skikkeleg toppinnslag i bygdemobliseringa. Eg vil ynskje deg og dine ei God jul, og eit retteleg godt nyttår. Hjørundfjord bygdemoblisering oppmoder alle som har gledd seg over denne konkuransen å skrive ei julehelsing til Kjell-Johan her på portalen, i kommentarspalta. Vis Kjell-Johan og heile hjorundfjord.no at vi set pris at folk gjer ein innsats, med rekordmange kommentarer i dag.
Hjørundfjorden bygdemoblisering helsar god jul til alle hjorundfjord.no sine lesarar.
Ivar Svein Mo
Hjørundfjord bygdemobilisering
God Jul! (24.12.2006 kl. 12:18)
Stian Holen med 3 dagers skjegg...?? hehe.. God Jul til alle på Sæbø!
Tore Vinjevoll
God Jul (24.12.2006 kl. 11:55)
Ditta va en fin slutt på ein triveli julekalender. Takk Kjell-Johan!! Thomas Hustad e nok den ekte nissen me he her på Sæbø,iallefall he ej ei taus so e overbevist om at han Thomas e julenissen å at han bur i steinhytta i olavshåla!!! God jul te alle!!
Wenche Strand
Kan det være.. (24.12.2006 kl. 11:42)
Gandalv i frå "Ringenes Herre" ? Thomas er vel sannsynlegvis litt trollmann også :) Ynskjer også alle bondalingar og hjørundfjordingar og andre kjente ei riktig god jul !!
Alf Ole Aarseth
Knute-Thomas (Thomas Arnold Adolfson Hustad) (24.12.2006 kl. 11:38)
Denne julenissen er ikkje enkel, men den gyllenbrune leten i skjegget på overleppa er karakteristisk. (Peterøes 3?). Veit ein ikkje dette kan han lett forvekslast med mulla Krekar. Men han har no ifølgje Dorthe Skappel gått over til General-snus
Thomas Hame
Trur... (24.12.2006 kl. 11:37)
kanskje det er Thomas Hustad.Men kven har teke bilde, det veit eg....
Sondre Kristoffer Mo
Skondalsnissen er det ikkje. (24.12.2006 kl. 11:11)
Muligens frå Hustad.
Takk for en fin kalender Kjell-Johan.
Roy Lillebø
.. (24.12.2006 kl. 11:04)
Thomas Hustad
Rebekka Stokke