Ship o'hoi.

 Her er ei lita oppdatering over korleis vi har det her ombord på M/V "Skandi Barra". Vi ligger i skrivande stund i Aberdeen. Planen var at vi skulle seile ut i kveld til "Dunlin Alpha" oilfield som ligger ca 260n.mil nord av Aberdeen på engelsk sektor. Det er ca rett vest av "Gullfaks feltet" på norsk sektor. Men som vanlig så er det forsinkelsar ute på feltet så siste oppdatering om seiling er at vi skal gå i morgon kveld.

Langs kai

Jobben vi skal ut på no er litt spesiell, vi har 2600MT med ein spesiell "Brine" og ca 500MT med ei spesiell syre ombord. Dette skal vi blande på dekk og pumpe opp til plattforma og vidare ned i nokre tankar på havbotnen. Væska dannar då ein gass som skal danne ei gasslomme over oljen og presse den ned slik at dei får ta den opp. Dette har aldri vore gjordt før så alle er litt spent på om de virkar.

 Tankar på dekk

Tankane som er på dekk er fulle med syre.

 Elles så slenger eg på nokre bilder frå korleis det ser ut med oss no. Vil sei at dette er første artikkelen så det blir mest eit prøveprosjekt. Viss det ser ut til å fungere så kan det hende det dukkar opp nokre maritime nyheiter seinare.

Eg og losen

Her er det siste instrukser med losen før avgang i Middlesborugh ( Teeside ).

 

Overstyrmann

Her er det Overstyrmann som er på vakt på vei til Aberdeen.

 

Bru i akterkant

Her er korleis manøverposisjonane ser ut i akterkant av brua.

 

M;nstring 20061 019

Vi har ombord 14stk engelskmenn no og dette er før avgang og vi har ei såkalla mønstring med dei. Då må alle kle seg opp i redningsdrakter. I gult så ser vi frå venstre Overstyrmann og så 1.styrmann som sjekkar opp på mønstringsstasjonen.

På fotballkamp

Må vel legge med eit bilete som eg også vise. Her er då beviset på at eg også har vore på fotballkamp, sjølv om eg er vel totalt uinteressert i det så var dette heilt magisk. Newcastle og Chelsea på onsdag med ca 37000 på en litt over halvfull stadion, tar visst opp i mot 57000 når den er full. For alle som er like lite interessert i fotball så meg kan eg informere at heimelaget Newcastle tapte 0-1 for Chelsea.

 Vil til slutt benytte meg av portalen og ønske alle sammen som er både er heime og til sjøs ei RIKTIG GOD JUL OG EIT GODT NYTT ÅR!!!!!!

Ei spesiell helsing til familie og frokostgjengen på "Bellingen"

OPPDATERING:

Legger her ved nokre bilete frå juleførebuingane her ombord, og selfølgeleg frå besøket hos Erna på velferden i Aberdeen.

 Stuert og Erna

Her ser vi Stuerten vår i lag med Erna som lagar julegløgg til oss.

Vil nesten våge og påstå at alle som har vore meir en ein gong i Aberdeen kjenner til Erna. Ho er gift med ein skotte og bur her borte, trur ho begynte på velferden ca 1978 og har sidan då hatt stort sett daglige skipsbesøk med aviser til mannskapet. Vi får blandt annet "Møre Nytt" med Erna når ho kjem, og ho organiserar utflukter osv.

For ca 2 år sidan så vart det starta ein aksjon mellom sjøfolka og rederia som resulterte i at ho fekk Kongens fortjenestemedalje. Dette var noko som ho sette stor pris på, det gjorde også godt for oss for då fekk vi på ein måte gi litt igjen til ho.

Seriøs konsentrasjon

Her er det knallhard konsentrasjon mellom ein Hjørundfjording og ein Seljeværing, legger til at eg stod løpet ut og gikk seirande ut:-)

Sofakroken på velferden

Mannskap frå forskjellige båtar møtest her, desse karane kosa seg med julegløgg og fortel gode sjørøvarhistorier.

Pynting i messa

Eit lite innslag frå messa med oss der nokre er i djup konsentrasjon med å få dukane på plass.

Julelunsj

Mens andre er meir opptatt om kva som står på menyen. Den bestod av Lutafisk, Fleskisar (Pannekaker), graut m/mandel og koldtbord. Selfølgeleg stor konkurranse om å finne mandelen.

Marsipangris

Høgtideleg overlevering av marsipangris til vinnaren som vart Elektrikkeren ombord.

Nei då luktar det så godt julemat på lugaren at eg får snart stille i messa.

Nok ein gong GOD JUL til alle heime.

 Mvh

Roy Lillebø

SKANDI BARRA