PC190333

Sjefane har full kontroll før tredjedagsfesten. Knut J. Riise (t.v.) og Bente Stokke er røynde i faget.

Tysdag var arrangementsnemnda samla for å pynte til fest. Sjølvsagt vart dei siste detaljane til programmet gjennomgått. Då snakkar vi om tidsskjema, ikkje om øvingar, for det gjer aktørane kvar for seg.

Sjefen, Larsa-Knut, har nokolunde kontroll. Tysdag var han oppteken av at teknikarane er klare. Programmet er ambisiøst på den måten at det i tillegg til vanlege sceneinnslag, vert satsa på filmar og vising av bilete.

Det er store forventningar til kvelden, og ikkje minst den nye Hjørundfjordfilmen til Christer John Auger og Benjamin Hjort. Filmen har enno ikkje kome programnemnda i hende, men tysdag kveld vart det lova frå filmskaparane si side at ei sending er på veg....

Jon Arne Årseth fortel at det framleis er billettar igjen til det som kan verte ein historisk kveld når det gjeld tredjedagsfesten på grendehuset.

                  Julefest 

  På Bondalen grendahus 27. desember.(3. juledag)Festkomitèen har gleda av å ynskje bygdefolket velkomne til eit triveleg lag!Dørene opnar kl. 19.00 og  programmet startar opp kl. 20.00 

HJØRUNDFJORDFILMEN.

 ÅRSKAVALKADE.       

ÅRETS BONDALING. 

SONG OG GITAR AV

ELISE OG CAMILIA

KVELDENS SKETSJ: EI DYRISK AFFÆRE.

Hjørundfjordfilmen II

 MELLOM  INNSLAGA  FÅR DU SJÅ  BILETE FRÅ 60- 70- 80 OG 90 ÅRA. OPEN BAR FRÅ KL. 19. ( Stengd under programmet).  Meny: GRYTERETT MED TILBEHØR. ETTER MAT OG BORDKONKURRANSE SVINGAR VI OSS TIL MUSIKKEN FRÅ 

BØRRE LØDEMEL OG ÅGE NYBØ

 Inngangsbillett kr. 200-.  Aldersgrense 10. klasse.

Bindande påmelding innan 22. desember.  Tlf. nr 70040280,  Bellingen.

Bilettane må hentast  19. – 22. des. Etter dette vert uhenta billettar selde. 

FESTKOMITEEN 2006