Klokka 17.00 var gymsalen på skulen fylt til trengsel. For dei som kom sist vart det ståplass. Elevane presenterte eit flott program med songar og dramatiseringar. Eventyret om piken med fyrstikkene, og fleire andre eventyr vart vist fram. Dei fleste av programpostane hadde elevane i barneskulen ansvar for, men to av klassane  i ungdomsskulen var og med på programmet.

 

Etter ein time med program, var det matøkt og tid for å prate. Pensjonistane vart servert mat og kaffi, medan foreldra hadde med seg mat på fat. I matpausen selde elevane i 10. klasse tombolalodd til inntekt for Redd Barna, og skuletur for 10. klasse. Dei fekk inn over 4000 kr. Mange koste seg med maten, og sjølv om vi er inne i ei travel førjulstid vart mange sitjande å prate i ein time etter festen. På skulen si nettside kan du sjå mange bilete frå festen. Sæbø skule.


julefest_22