No skal svina fram.
Av Jon Hustad
KOMMENTAR
Alt dette svineriet, i denne tarmen av ein by. Alle parasittane skal feire jol igjen. Folket i hovudstaden har aldri greidd seg sjølv, det er ikkje noko nytt i det. Hadde Oslo med tilliggjande herlegdomar vorte skilt ut som eigen stat, ville byen ha våre rikshovudstad i Vest-Europas fattigaste land. No er det i staden hovudstaden i verdas rikaste, takka vere oss vestlendingar. At vi aldri fekk ei separatistrørsle, er av desse mysteria i soga.
Då eg vaks opp, byrja jola klokka fem den 24. desember. Aldri før, av og til litt seinare, var det problem i fjøsen, kunne far verte noko sein. Så benka vi oss ved bordet, ikkje ein austlending i sikte. Kjetta og kjøtaren sneik rundt stolbeina.
Og vi åt og vi drakk. Det vi hadde i oss, hadde vi skaffa sjølve. Potetene var frå eigen åker, rabba frå eigen kjellar, lammet hadde vi sjølv odla fram, slege i hel, partert, salta og røykt. Blåbæra til safta var handplukka i eigen skog. Og i omnen brann den turre bjørkeveden. Vi var kongar i eige hus, ikkje eit svin, ikkje ein austlending, ikkje ei spritflaske i syninga. Vi såg at alt var såre godt.
Etterpå las far joleevangeliet: «Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.» Landshovding, det er noko anna enn guvernør, det. Så gjekk vi rundt joletreet, gåvene var bøker, på nynorsk. Kor mange forfattarar har Oslo produsert? Etterpå las vi jolehefta frå Norsk Barneblad. Freden senka seg.
Men dyret var der, klokka ti måtte vi ned i fyrste høgda. Til bestemor og bestefar. Dei hadde alltid ei svigerdotter hjå seg, ho sat glinsande ved bordenden og fortalde alltid kor mykje ho sakna svineribba. Ho var frå Oslo. Eg syrgde alltid for å søle brus på joleduken ho hadde dampa. Vi visste kven fienden var. Far hadde fortald det.
Men no sit er straks her. Eg har laga joleribbe, ungane snakkar vestkant og under treet ligg det altfor mange gåver. I jola er eg immigrant, flyktning og kua. Jola byrjar i november, drikken er laga av nokre umandige franskmenn, kjøtet er vasstrekt, og vi les: «Det skjedde i de dager at det gikk ut befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle innskrives i manntall.»
Så syng vi songar på dansk. Varmen kjem frå ein foss på Vestlandet, gåvene frå ein fabrikk i Kina, svinet frå sentralslakteriet på Hamar og potetene er frå Kypros. 20 meter frå husværet gjeng trafikken tung. 50 meter lenger oppe held Trond Bakkevig ei jolepreike om kor viktig det er at vi skaper fred i Palestina. Kyrkjelyden nikkar vyrdsamt.
«Pappa, hvorfor er du i så dårlig humør!» «Kjeften unge! Har du ikkje nett fått ein Nintendo DS?»
God jol til alle Oslo-imperialistar der de sit i Dressmann- og Kapp Ahl-kostyma dykkar, sydde av små asiatiske jenteungehender. Den einaste gleda eg unnar dykk, er gleda ved aldri å ha sakna ei verkeleg jol, for det visste det aldri kva var.
«Og svinet, for det har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, men jortar ikkje; det skal de halda for ureint. Kjøtet av desse dyra må de ikkje eta, og dei daude kroppane deira må de ikkje røra. Dei skal de halda for ureine.»
Neste år skal eg heim til jol. «Men tenk på barna», seier kona. Det er nett dei eg tenkjer på.
«Med ett var engelen omgitt av en himmelsk hærskare, som lovpriste Gud og sang.» For ein gjeng med hyklarar.
«For dette er straffedomens tid, då alt som står skrive, skal gå i oppfylling.» Slik ja.
Vil de ha kvit jol, får de laga ho sjølve.
Kommentarar
fra klassekampen nå selv har blitt det ekte svinet
han selv beskriver? Hvorfor har han selv blitt en parasitt og bor i en tarm av en by ?
Pussig at en slik elendig artikkel kommer fra
en som livnærer seg fra å skrive artikler på
kinesiske PC-tastaturer og som sannsynligvis har glemt alt om det å være gårdbruker.
Moralen til enkelte journalister i klassekampen
holder rett og slett ikke mål.
For et elendig sammensurium av juleevangeliet og egen frustrasjon. Tro om han sykler til jobben
slik at vi i framtiden igjen kan få oppleve hvit jul ? Var det noen som sa hykler ?
God Jul !
De skal alltid fremheve at alt var så mye bedre før, og
jon hustad