Årets bondaling 002

Ivar Svein Mo er kåra til Årets bondaling.

Det er Bondalen frilynde ungdomslag som står for kåringa, og Unn Frøland i ungdomslaget fortalde at det i år ikkje var vanskeleg å finne ein verdig prisvinnar. Brorparten av alle forslaga som kom inn, gjekk på Mo, og det var ikkje vanskeleg for ungdomslaget å kome til semje om den beste kandidaten i år.

Frøland la vidare vekt på den ueigennyttige innsatsen Ivar Svein Mo har gjort siste året, både for Hjørundfjord kulturvernlag, og altså ikkje minst bygdemobiliseringa. Det er ei krevjande arbeid, ikkje minst når det gjeld tid.

Ivar Svein Mo takka for heideren, og delte noko av æra med styringsgruppa i bygdemobiliseirnga. Mo takka også sine nærmaste som let han bruke tid til det arbeidet som vert kravd i bygdembiliseringa.

Festlyden på Bondalen grendehus heidra Ivar Svein Mo med ståande applaus.