Regnboge

Det skal vere ein skatt der regnbogen endar. Her endar han i Hjørundfjorden, og kanskje er det Hjørundfjorden som er skatten vi må ta vare på - og utvikle?

Hjørundfjordportalen sette sin førre rekord med 227 unike treff i august. Det skjedde etter arrangementet Commando Raid, og hadde si naturlege årsak i at deltakarane vart lenkja til portalen frå arrangøren sine eigne internettsider. Difor var den rekorden ei unaturleg stigning i talet på vitjingar.

Sidan den gongen, har likevel treffa stige sakte men sikkert. For ei veke sidan stabiliserte treffa seg på kring 200, og då Kjell Johan Aarseth kom med portalen sin julekalender, har talet på treff stige endå meir.

I hjorundfjord.no er vi takksame for responsen på det vi held på med. Ikkje minst er vi glade for stadig nye brukarar, og at stadig fleire vågar seg til å leggje inn nyhende og artiklar på portalen. Tusen takk, og hjarteleg velkomne.

Komande torsdag arrangerer vi kurs i å bruke portalen. Kurset er på Bondalen grendehus. Dette er ikkje noko datakurs, men eit opplegg der vi presenterer portalen, og forklarar korleis ein skal leite fram.

Til dømes har vi eit inntrykk av at ikkje alle brukar lenkjene i venstremargen. Her kan folk gå inn og sjå kor aktive t.d. kulturvernlaget er. Dei kan finne ut om tilboda til Bondalen Grendehus, og viss folk går lenger ned på venstremargen, kan dei finne lenkjene til det unike overnattings- og restauranttilbodet vi har for gjester og fastbuande i fjorden.

Hjørundfjordportalen har ambisjonar om å vere så mykje. Vi skal vere ein nyhendeportal for fjorden. Det er viktig i samband med bygdemobiliseringa. Vi skal syne at ting skjer, og at Hjørundfjorden er ein levande fjord.

Vidare skal vi verte det naturlege målet for folk som ynskjer informasjon om Hjørundfjorden. Vi ynskjer å knyte kontakt til dei næringsdrivande, som kan fortelje om sine tilbod. Det vert ei betalingsteneste etter kvart. Det er av fleire årsaker. For det første: Skal hjorundfjord.no ha truverd, er vi nøydde til å opptre uavhengig av særinteresser og næringar. Då kan vi ikkje blande nyhendestoff og reportasjestoff og andre ytringar med betalte tenester. For det andre: Skal hjorundfjord.no utvikle seg vidare, vil det etter kvart vere behov for å få inn inntekter. Særleg på det tekniske er det tidsavgrensa kor lenge vi skal forlange at folk stiller på dugnad for oss.

Vi registrerer også at folk ynskjer å bruke portalen til formidling av kjøp og sal av produkt og tenester. Det skal vi også vurdere om vi skal lage eit rom for. Det vert nok også ei betalingsteneste, men inntil vidare oppmodar vi folk om å bruke gjesteboka til dette.

Uansett, takk for tilliten så langt. Og hugs: Den viktigaste årsaka til hjorundfjord.no sin framgang er brukarane sjølve. Med å bruke portalen garanterer vi alle at denne sida vil ha eit langt liv.