I dag, på sjølvaste julaftan, er det gudsteneste klokka 1400 i Hjørundfjord kyrkje. - Dette er ei familiegudsteneste som ikkje minst er for dei yngste, seier soknerådsleiar Reidun Holen.  Sokneprest Kåre Øygard vil sjølvsagt ha ei sentral rolle under familiegudstenesta, men med seg får han også m.a. Ståle Aklestad Ståle er  ein bondaling som er kjend av dei fleste og som no er held på å utdanne seg til prest. Reidun Holen legg til at  Hjørundfjordkvintetten skal spele og at det vert ofring til Redd Barna.

 

IMG_3883

I morgon, 1. juledag, kjem rosina i pølsa i kyrkja, slår Reidun Holen fast. Då vert det høgmesse i den same kyrkja klokka 1100. Som tradisjonen tilseier, vil Bondalskoret synge under leiing av Bruno Hame.  Som tradisjonen også tilseier, vil det under denne høgmessa verte offring til NMS - Det Norske Misjonsselskap.

- Møt opp - ikkje minst for å slå av ein hyggeleg prat på kyrkjebakken.  Kanskje treff du folk som akkurat denne dagen er heime og nyttar høvet til å ta seg ein tur til kyrkje, seier Reidun