I kveld, veslejulaftan, var det Elisabeth Årseth Dimmen som stod bak disken på Bellingen på Sæbø.  Ho tok godt imot dei langvegsfarande kundane Heidi Kolås og Herbert Skjelle.  Dei to sistnemnde kom saman med barna sine Emilie og Fredrik nærast rett frå Hobbøl i Østfold for å feire jul og nyttår i Sandvika på Sæbø.

IMG_3862

Frå venstre:  Heidi Kolås Skjelle, Herbert Skjelle og Elisabeth Årseth Dimmen.

Men turen frå Østfold hadde ikkje gått heilt utan problem, fortel Heidi.  I det dei var i ferd med å køyre ut av ein tunnel på Strynefjellet, høyrde dei plutseleg ein smell.  Det var Emilie som først forstod kva det var - skiboksa.  Loket på skiboksa på biltaket hadde opna seg under fart.  Og ja, innhaldet i boksa hadde blåst utover ei lang vegstrekning.  Dei hadde leitt etter m.a. dyre allvêrsjakker og andre kle i lang tid etterpå.  Herbert rekna likevel med at dei i alle høve fann att mesteparten av det som var i boksa, men utan tvil stod no ei vareoppteljing  for tur.

Elles dukka det også opp andre kundar på Bellingen sjølv om klokka nærma seg 18.  Astrid og Johan Hustadnes Wille var to av dei.

IMG_3866

Her ser vi frå venstre Astrid og Johan Hustadnes Wille, Elisabeth Årseth Dimmen og Jon Arne Årseth.

Jon Arne meiner at julehandelen har vore god, men har enno ikkje tala som gjer at han kan uttale seg sikkert.  Likevel er han sikker på at Bellingen gjennom heile året 2006 har hatt ein fin omsetningsauke.

Jon Arne lovar sine hyggelege kundar at Bellingen vil opne igjen allereie 2. juledag.  Alle som står bak disken på Bellingen ynskjer kundane god jul.