Ikke ein morgon på Bellingen utan at skipsfart vert diskutert. Det skulle også berre mangle. Det er arbeidet på sjøen og havet som sikrar - eller har sikra - inntekta til dei fleste som er der.
Frå venstre: Anders Holen. Johan Riise(tidlegare styrmann). Magnar Aklestad(tidlegare Kaptein og Ice-pilot), Nils Aklestad og Oddvar Olsen. Anders Holen er den einaste som ikkje er, eller har vore sjømann. Men han er ein ivrig fjordfiskar...
Frå venstre: Thomas Hustad, Bjarne Riise, Jostein Koppen(tidlegare sjømann), Malvin Holen og Anders Holen.
Her ser vi Oddvar Olsen(t.v.) (eigar og skipper på M/S "Hjørundfjord"), Nils Aklestad, (supplyskip), og Ole Johan Riise(styrmann på M/F "Folkestad") i ivrig diskusjon.
Av andre aktive sjøfolk/fiskarar, må også Jan-Inge Lillebø, Per Gjerde og Arnljot Frøland nemnast og sjølvsagt Roy Lillebø. Roy Lillebø er skipper ombord i eit supplyskip i Nordsjøen og får diverre ikkje feire jula heime hos familien sin på Sæbø. Heller ikkje får Mathias Riise (Tia), som er kaptein ombord på eit farty i utanriksflåten, feire jula heime hos familien sin i Volda.
Frukostkaffigjengen på Sæbø, med Magnar Aklestad og Jon Arne Årseth(skipper på Bellingen) i spissen, ynskjer spesielt God Jul til alle dei som ikkje får feire jula heime hos sine kjære.
Og berre så det er sagt: Er det sjøfolk som ynskjer å sende ei helsing heim her på hjorundfjord.no, vil det bli teke utskrift og helsinga vil bli hengt opp på oppslagstavla på Bellingen.
Kommentarar
Er i skrivande stund på vei frå Middlesbrough til Aberdeen. Er framme i natt og skal gå vidare til Dunlin Alpha oilfield i seinare i dag, så det blir vel jul i sjøen i år.
Helser til alle på Bellingen og elles alle kjente.
Mvh