At 99 av 126 dyr vart felt under hjortejakta i år vil seie at fellingsprosenten vart på ca. 78.  I fjor vart berre 71 dyr felt av ei kvote som også då var 126.  Jaktleiar i Bondalen, Johan Hjellen, er ikkje sikker på kva årsakene til den auka fellingsprosenten kan vere, men peikar på at i 2005 gjekk visstnok hjorten svært høgt under hjortejakta.

IMG_0891

Her fotografi frå hjortejakta på Årset hausten 2005.  Frå venstre ser vi Nils Aklestad, Hans Molnes, Knut Hustad, Jakob Hustad og Arild Aarseth.

Mange jaktfelt har felt heile hjortekvota si, men det kan likevel sjå ut som det  er nokre felt lengst framme på dalen som ikkje har klart å felle alle dyra i tildelt kvote.  Det er frafmleis Johan Hjellen som seier dette.

Elles synte hjortelteljingane i vår at det var litt færre dyr i Bondalen enn det som vanleg er, men Hjellen trur dette kan kome av sein vår.  Desse hjorteteljingane vert halde på same tidspunkt kvart år.

Men alt i alt meiner Johan Hjellen at hjortejegerane har god grunn til å vere nøgd med jakta.

IMG_0892

Ja, hjoten må sjølvsagt slaktast på skikkeleg måte også.  Her ser vi frå venstre Hans Molnes, Arild Aarseth og Knut Hustad.  Alle foto:  Nils Aklestad.