Han Sima Rasmus hadde mange gåter som han spurde oss gutungane på Rise.
Haua Knut seier qitz, men eg kallar det gåter, det same som Rasmus gjorde.
Her er ei av dei få eg hugsar att:
Ej e glad ej ser dej, ej bere det på mej. Det skal inni dej, og ej oppå dej. Og så skal vi begge heim att dra.
Kva er det?
Eg legg på ei gåte til.
Lars fekk den når han var i skogen. di meir han prøvde å få tak i den, til verre vart den å nå. Til slutt så tok han den med seg heim att.
Kva var det.
Meir kjend er vel: Styttestakkjen dansa og kvint ola kvad. Og etterpå kom longesløret, og gjet so kva det va?
Kommentarar
Ei til med det same: Ka det e som kjeme burande og beljande og legge ta seg huda i markja?
Ei anna i same sjanger: To grå ligg og klå, den eine oppunder og den andre oppå.
Frank si gåte høyrde eg mange gonger då eg var gutunge, men kan svarten ikkje kome på svaret.
Den med Lars i skogen, møddest vi mykje med, kan eg hugse. Men det har med svært lite stykke tre å gjere.
Den siste er vel rokken som spinner tråd?