"Terje og hans utvalgte er på Sunnmøre. Turen går til Øye og Ålesund, og vennskapet ser ut til å blomstre. De klatrer i fjell, men Terjes utvalgte har høydeskrekk, og blir lettere hysterisk. Det blir også tid til en romantisk middag etterfulgt av dans." (henta frå Tv2.no)
Regner med at dei fleste sit klar framfor tvet i kveld kl. 20.00 uansett, for Jakten på kjærligheten er vel "høgdepunktet" i tv verden for tida :)
God reklame for Hjørundfjorden !
Les meir på:
http://pub.tv2.no/TV2/magasiner/bonderomantikk/article821989.ece?id=109801&slide=3#slide
Breiband til alle. (08.12.2006 kl. 13:03)
Ja, Urke får breiband rundt juletider, men Norangdalen må visst vente enno ei stund. Til Kåre Myklebust kan eg opplyse at ei av dei viktigaste sakene bygdemobiliseringa arbeider med for tida, er nettopp å skaffe breiband til alle i Hjørundfjorden. Så snart det er på plass, vil heilt sikkert mange fleire frå Norangsfjorden og Storfjordområdet skrive meir her på portalen,
Knut Hustad
Skribentar frå Norangsfjorden (08.12.2006 kl. 09:52)
Slutter meg til oppmodinga frå Kåre Myklebust i Syvde. Vi må få folk frå Norangsfjorden til å skrive på portalen. Vi reknar med det vil begynne å kome noko frå Urke no når breibandet er på plass til jul(?). Ellers er det kjekt å sjå at Hjørundfjordportalen er til interesse i Syvde også.
Ivar Svein Mo
Reprise (08.12.2006 kl. 01:41)
Flott reklame for Hjørundfjorden og Union. For dei som ikkje fekk det med seg: Reprise på TV2 laurdag kl 17.00.
Sjølv om eg bur i Syvde, er madammen frå Lekneset, så då må eg fylgje med kva som skjer.
Portalen er difor flittig besøkt og eg er imponert over tiltaket. Må berre få fleire skribentar frå Norangsfjorden på banen!
Kåre Myklebust
Spennande (05.12.2006 kl. 18:51)
Artig at dei valgte Hjørundfjorden - då blir det ekstra spennande å sjå vinklinga på filminga og om det blir ei god reklame for fjorden og området. Og Jakten på Kjærligheten er høgdepunktet på tirsdagskvelden...
Vibeke Mo