DSC00022

Teikning av Pe Knut og Riseungane. Teikna av Sigmund Årseth, som sjølv vaks opp på Rise.

                         Førskuletid på Gamle- Rise.

 Alle som vaks opp i 50 og 60 åra på gamle Rise, hadde mykje av si førskuletid i vedhuset i lag med han Pe Knut.Det var i grunnen rart at han , som var rekna som ein nokså bestemt og alvorleg kar hadde eit slikt lag med oss ungane.

Når avlinga var i hus og det ikkje var altfor dårleg ver, var han alltid på plass med bogesaga og kløyvarøksa i vedhuset sitt.Han hadde tid til å prate med oss, og let oss hjelpe litt til med å hive ved oppi trillen, og løde opp veden under stabburet.  Og når me var store nok , drog vi i saga også.

Men viktigast var praten. Av og til snakka han til oss som om me var vaksne.”Ja, ditta lasset fjelga monge kaffikjela”, sa han mang ein gong når me hadde fylt oppi trillen. Og me lærde tidleg kva slag treslag som var beste veden. Hassel var det mykje av i Pe-bakkane. Og det var det beste i lag med rogn, eit godt hakk føre bjørka.” Åre e kje so frakt, men han e fine å bruke rå attåt," sa han. 

Førjulstida utan snø var lang for oss ungane. Då smette me oss ned mellom raudestova og Pe-stabburet, for der stod han Pe-Knut. Han spurde alltid når me kom,”ka de lure på i dag?”Og  når me gramma oss for snøen som aldri kom, trøsta han oss med at” han kjøme nok snart, kvitekarinj. Ej såg snøskjora i går, so hanj e kje longt onda”. 

Han var oftast smørande blide. Og  lo ofte så tårene trilla, av det me sa.Var det nokon som datt, sa han alltid. ”Ha raua di vore ta glas, hadde ho gått i tusen knas”. Dei vaksne heime ville knapt nok tru oss når me sa at han Pe- Knut song til oss. Men det gjorde han, sjølv om det  berre var ei enkel strofe kvar gong, og  alltid den same:” Å sudeli dudeli dei”.

Han fortalde sjøllaga historier om ting han opplevde oppi skogane. Ei av dei som gjekk att var om Dalekjerringa, ein stor stein, eller bergnabb nedst i Skondalen.Når han var på saudeskogen om hausten, var ho alltid klar med ferske vafler og kaffi når han kom der og var kald og svolten. Han kjende ofte vaflelukta når han kom oppi Storenakkskogen. Og når han nærma seg, såg han ofte røyken av det store vaffeljarnet hennar. Hadde ho ingen mann då, ville me vete. Jau, han bodde lenger oppi dalen og var mykje mindre.Han var no berre ein pjask i forhold til kjerringa si, sa han.Ho var så stor og sterk at Skondalsfonna aldri kunne ta henne. Og då forsto me at det var noke til kjerring.

 Ein gong greidde me å få han sint. Eg hugsar ikkje kva me gjorde, men han vart kolsvart i augene. Han sprang nokre få steg og ”gjorde ran” etter oss. Og me sprang for livet. Då gjekk det nokre dagar før me våga å nærme oss. Men saknet etter kosestundene i Pe vedhuset var ikkje til å halde ut. Så  til slutt så våga me oss ned mot stabburet, og såg at han var der. Då haurde me det velkjende: ”Ka de lure på i dag?” Og så var me der att. Etter den hendinga passa eg meg vel for å ikkje ”fyre” han opp fleire gonger. 

Var me ekstra flinke å trille å løde opp ved, eller dra i saga, så hende det at me fekk vere med han inn att å ete. Då var det alltid ho Kalla som inviterte oss. Ho var eldst av dei fire syskena som bodde i Pegarden, og var den som me heldt som sjef, og som hadde siste ordet.Han Knut omtalte systrene sine som ”kjelljene”. Dei stod for alt husarbeidet. Og det einaste me såg han hjelpte til med i huset,var at han bar med seg ved innatt.

Ein gong me var inne i Pe huset, sat han Knut på vedakassa, slik han ofte brukte. Då koka kaffi kjelen over, der den stod på vedakomfyren. Det var berre for han å strekke ut handa å ta den av omnen. Men han sa berre: ”No koka kjelinj, kjellje”, og så kom ho Johanne og kleppa tak i den, og fekk den av varmen. 

Men det var når me hadde han Pe Knut for oss sjølve oppe ved vedhuset at me likte oss best.Og når me ” vaks ifrå” vedhuspraten, så overtok dei yngre syskena våre. Alle hadde me vår tid der i lag med han Pe Knut.

Den siste av ungane på gamle Rise som”gjekk i lære” der, var han vesle Ivar frå lensmannsgarden. Han møtte trufast opp, akkurat som me andre hadde gjort. Og eg er sikker på at han Pe Knut spurde han Ivar kvar dag det han hadde spurdt oss andre om i alle år. ”Ka du lure på i dag?”Og så var praten i gang i mellom dei.

 Så kom året 1968. Eg  var 20 år, Pe Knut var 66, og Ivar hadde fylt 4 år. 

Den 19. februar  kom korsafonna og gjorde ein brå slutt på både Ivar, og ”førskulen” i Pe vedhuset.

Han Pe Knut vart  aldri  heilt den same etter den dagen. Ikkje me andre heller.