I 2007 vil det nok også bli født nye Hjørundfjordingar og andre søre-sunnmøringar. Dei fleste vil nok bli tekne imot på sjukehuset i Volda, men dei som er så uheldige at dei vil få fødselsdagane sine i Juli må først reise den lange vegen med ferge til Ålesund eller Nordfjordeid. Dette kan skape unødige lidingar og risikoar både for dei fødande og babyane.

Eg vil med dette oppmode alle, private og næringar for å støtte opp om den komande innsamlingsaksjonen over nyttår. Denne innsamlingsaksjonen er ikkje berre med på å forhindre ei feriestengt føde, den vil også symbolisere at vi i utkantane slår ring om lokal-sjukehuset vårt!!