Nok ein gong laga mange kvinner seg flotte juledekorasjonar på Bondalen grendahus og nok ein gong fekk kvinnene kunnig rettleiing av Vivian Frøland, blomsterdekoratør ved Blomstersenteret i Ørsta.

IMG_3878

Vivian Frøland hadde med seg alt som måtte til for å lage flotte dekorasjonar.

Det var sjuande gongen at Vivian gav gode råd til bondalskvinnen som i dag ville lage seg juledekorasjonar under det årlege, tradisjonelle arbeidsmøtet til Bondalen Helselag.  Men ikkje alle dei over 30 som var tilstades, laga juledekorasjonar.  Nei, nokre  valde å strikke for Helselaget samarbeidde med den polulære Strikkekafeen på Sæbø om denne samlinga på grendahuset.  Og Vivian sette ord på arbeidsmøtet/samlinga:  - Dette er kjempekjekke kveldar.

IMG_3882

Idun Myrene(t.v.) laga seg to flotte dekorasjonar og den som kom med gode råd var Vivian Frøland.

IMG_3874

Her ser vi 13 av dei vel 30 kvinnene som laga seg juledekorasjonar på Bondalen grendahus i kveld - pluss blomsterdekoratør Vivian heilt til venstre.

Er det ein eller annan som gløymde denne kvelden og som ynskjer å lage juledekorasjon, ja, så er det nok berre å ta kontakt med Vivian på Blomstersenteret.  Og for den som kan vente; det vert sikkert eit nytt slikt arbeidsmøte på grendahuset til jula 2007..