ATT00007

"Nye" Sæbø sett frå nordaust. Prestegarden rett i front.

 

Styringsgruppa har engasjert planleggjar Kåre Gjengedal til å lage ein 3D-visjon for det nye Sæbø. No arbeider Gjengedal i eige firma, men han var tidlegare planleggjar i Ørsta kommune, og kjenner Sæbø godt. Han var mannen bak utforminga av den gjeldande reguleringsplanen.

Styringsgruppa sin visjon byggjer på denne planen, men med nokre viktige endringar. For det første er flyttinga av riksvegen kutta ut. Han er no regulert til å svinge ned ved Hjørundfjordheimen og kome ut på Sæbø-plassen mellom Bellingen og Stormøllen. I 3D-visjonen vil riksvegen framleis gå rundt Slettedalshjørnet.

ATT00013

"Nye" Sæbø sett frå sør. Rett i front ser vi den dobbelsidige piren.

Rundt Slettedalshjørnet er det likevel opna noko opp, og det er gjort eit innhogg i parken og prestegardsmuren. Dette er kontroversielt, og det er styringsgruppa klare over. I tillegg til å få ein betre trafikksituasjon, er meininga med dette grepet dessutan å binde saman sjøtilgangen og prestegarden slik det historisk var.

Motivet med å late riksveg 655 gå slik det er foreslått i 3D-visjonen, er mangesidig. Det viktigaste motivet er økonomi. Statens vegvesen er faktisk ikkje interesserte i å flytte riksvegen slik gjeldande reguleringsplan seier. Saka er ikkje prioritert, og slik styringsgruppa ser det, er einaste mulegheita til å få gjort noko med trafikksituasjonen å rette opp vegen langs eksisterande trase, og gjere det heile meir oversiktleg.

Ferjekaia er foreslått flytta slik det er lagt opp til i reguleringsplanen. I forslaget vender lemmen utover mot Sæbøneset, men det er sikkert like mogleg å vende lemmen andre vegen. Det er eit mål å få køa vekk frå Sæbø-plassen.

I visjonen er kaiforholda betra. Det skjer automatisk ved flytting av ferjekaia.

Eit spennande grep Gjengedal har laga, er å leggje ut ein dobbelsidig pir utanfor Lisjeelva. I 3D-teikninga kjem det ikkje fram at Lisjeelva er opna, men det skal ho vere.

ATT00016

"Nye" Sæbø sett frå nord, med den nye ferjekaia i front.

Bileta som verte presenterte i denne saka er altså ikkje noko konkret forslag, men ein visjon over kva Sæbø sentrum skal verte. Styringsgruppa ynskjer å få bygdefolket med på debatten, og på nyåret vil det verte halde folkemøte der visjonen vert nærmare presentert.

Det vil komande år verte sett i gang reguleringsarbeid for nye bustadtomter på Sæbø. I 3D-teikninga er det lagt inn nye bustadhus på Prestemarka. Viss det er ynske om det, kan ei omregulering av sentrum slik visjonen seier noko om, skje i samband med dette reguleringsarbeidet.

Det som er viktig å ha klart føre seg, er at ei gjennomføring av desse visjonane vil koste mykje. Noko må finansierast over offentlege budsjett, som Ørsta kommune og Statens vegvesen. Dette arbeidet er styringsgruppa for bygdemobiliseringa alt i gang med, og siste dagars løyvingar viser at det er interesse for at noko skjer også på Sæbø.

Håpet til styringsgruppa er at med å få til nokre av desse grepa, kan det stimulere private til å satse på bygging i Sæbø, for til sjuande og sist vil det vere det private initiativet som vil vere avgjerande for om det vil lukkast å utvikle Sæbø vidare.

 

P.S.: Klikk på bileta for å få større versjonar.