På veg

Stokkehornet. Blåfjellet bak, har så vidt fått sola på seg

 

Vi skremde opp 3 hjortar då vi kom opp på ryggen mellom Bondalen og Frølandsdalen.

 

1. juledag på Stokkehornet 002

Morgonlyset har fått overtaket i inste Kvistaddalen.

Eg har alltid vore litt missunneleg på den utsikta Myrhol Per har mot Kvistaddalen. Fjellformasjonen, der Langhornet luter seg fram er så flott!

Snøen tok skikkeleg til å plage oss frå middagsskaret. Skikkeleg brotføre. Det var ei stund eg tvilte på om vi kom oss stort lenger.

1. juledag på Stokkehornet 015

Magne ser at sola snart kjem over Storetinden

Etter delvis vading og nokre stader lett gange på tøyamark kjem vi brått til varden på Stokkehornet. Når ein snur seg attende, ser ein kor vakkert vi bor. Sjå berre her!

 

1. juledag på Stokkehornet 018

Utsikt frå Stokkehornet mot Sæbø.

 

Vinden er frisk, så vi satsar på å gå litt til mot hytta, eller Ørnereidet som eigarane kallar det.Vi går gjennom snøen til oppi beltet nokre stader, så det er godt å kome inn å få i seg litt mat. Vi heiser flagget til ære for dagen.

1. juledag på Stokkehornet 020

                                      Ørnereidet

                  Sola skin, men varmar ikkje anna enn augene.

1. juledag på Stokkehornet 026

1. juledag på Stokkehornet 023

Kanskje første gong det har vore flagga på Stokkehornet 1.juledag?

Eg vil til slutt anbefale turen i ei anna årstid. Det går fint å gå opp frå klokkura, mot ein varde som er oppmura oppå egga. Og vidare mot Stokkehornet.

Få turar gjev meir att for strevet.Det er likevel bra om ein er fjellvand, eller har med seg kjentfolk. Høgdeskrekk er heller ingen fordel, for det er nokså stupbratt mot Frølandsdalen.

Går ein andre vegen, framover egga, må ein aldri starte nedturen mot Klokkura før ein kjem til varden.

                                         God tur!  Helsing Knut.