P7030047

Sæbø sentrum skal pussast opp, og kommunestyret løyver ein halv million kroner til komande år.

 

 - Dette er vi svært glade for. No er det kommunen sjølv som avgjer korleis midlane skal nyttast, men vi håper bygdemobiliseringa vert tekne med på råd. Mellom anna ynskjer vi at midlane vert nytta til ny skyssbåtkai, seier Mo.

Det var konsetallasjonen Senterpartiet, SV, Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti som sikra løyvinga, også med hjelp av Venstre sine røyster. Likevel var også Framstegspartiet, Høgre og Asgeir Standal (uavhengig) innstilte på ei tilsvarande løysing, men på grunn av usemje om inndekkingsmåten, vart det ikkje samrøystes vedtak.

Midlane er ført opp som investering. Det vil seie at kommunen kan lånefinansiere løyvinga. Skal kommunen nytte lån, må det vere til kommunal eigedom/kommunale investeringar.

- Det er ikkje noko problem. Det er nok av kommunal eigedom å bruke investeringsmidlane på, seier Ivar Svein Mo i ein kommentar til hjorundfjord.no.

Hjørundfjorden bygdemobilisering var tidleg ute i haust med å søkje om kommunale midlar til bygdemobiliseringa. Det vart søkt om ein million kroner fordelt på tre år, og det vart mint om at politikarar og administrasjon lova ein million kroner til Sæbø sentrum under reguleringsprosessen for ti år sidan.

Med løyvinga frå kommunen, vil det også truleg medføre at det vert enklare å få utløyst dei 350.000 kronene til sentrumstiltak på Sæbø som Stiftinga Ørsta Næringskontor har gjeve tilsegn om. Vilkåret for denne løyvinga var at bygdemobiliseringa skaffa til veges tilsvarande med midlar frå andre finansieringskjelder.

- Det har vi no fått til, seier Mo.

Det høyrer også med til historia at Framstegspartiet i sitt forslag til økonomiplan hadde inne ein halv million til Sæbø sentrum også i 2008. Det gjev bygdemobiliseringa von om at ein tilsvarande sum også kan løyvast over 2008-budsjettet.

PC190305

Frå eit gruppemøte under kommunestyremøte tysdag. Bodil Skare (i oransje) hadde ingen problem med å få med seg kommunestyret på 500.000 kroner til Sæbø sentrum.