Rune Sæbønes har tidlegare skreve om juletreet på Hustadneset - eit landemerke og snart vert det vel verna som fyrlykt....

Men det høgste(?) juletreet i fjorden finn vi altså på Villane.  Jørund har, ved god hjelp av Fredrik, også i år fått lysa på den aktuelle grana.  Rett nok er ikkje Fru Kari (Stokke) like begeistra for pyntinga - for grana veks og vert høgre for kvart år.  Men folket som køyrer forbi på riksvegen vil nok krevje at grana får lys i mange år framover.

IMG_3860

Juletreet er verdens finaste, meiner Fredrik.  Han støttar nok dei som meiner at pappa Jørund(bak) må få  julelys på grana også neste år.  Og dessutan er treet så høgt at toppen ikkje kjem med når det skal fotograferast...

IMG_3845

Juletreet er  høgre enn flaggstonga.

IMG_3841IMG_3839

Når ein fotograferer eit slikt juletre, kan ein prøve seg fram med ulike lukkartider og dermed få fram ulike variantar av treet(t.v.). 

Men til slutt legg vi ut ein Quiz - og denne er så vanskeleg at sjølv Synnøve og Sandra Mo skal få problem med å finne løysinga.  Kor mange lys er det i dette store juletreet på Villane?  Og nei, det nyttar ikkje å ringe Fredrik eller Jørund.  Dei har lova å halde stilt.  Legg igjen løysinga i kommentarfeltet.  Rette svar kjem om eit par dagar.