Så er den årlege juleverkstaden over for i år, ca 60 menneske møtte fram på Grendahuset til denne koslege familieaktiviteten. Det er kjekt å vere arrangør når så mange møter fram.

Ein av hovudaktivitetane i år var toving med ull, vi laga raude ullhjerter og julekuler. Nokre barn var litt skeptiske til å verte våte og "skummete" på henden av grønsåpe blandinga, medan andre tydleg storkosa seg med såpe og vatn. Vi frykta litt søling med vatn og valgte å halde til i gangen pga. gulvet. Men utruleg nok, verken barn eller gulv vart våte. Resultata vart kjempe fine og kjem nok til å pynte opp mang ein heim til jul.

Ull toving

Inne i storsalen var det mange aktivitetar i gang. Framme ved scena var det sett opp langbord med formingsmateriell, eksempler og bøker til inspirasjon. På denne måten velger kvar enkelt sjølv kva ein vil lage og korleis. I år var det mange som laga englar i gull og sølv, nokre med piperensar vinger og nokre tova vinger.  Elles kunne vi observere fleire vaksne karar som prøvde seg på flettakorger, og gamle kunstar var tydlegvis ikkje gløymde.

IMG_2127IMG_2128

Etter ei god arbeidsøkt var det tid for matpause. På kjøkkenet hadde Marit Rekkedal, Bernt Arve Hustad og Jan Ole Valseth kokt risengrynsgraut, eller kanskje vi skal kalle det nissegraut. Store gryter må til når ein skal koke til så mange, og sterke musklar for å røre. Karane var dyktige til å røre, det var ikkje ein einaste brun flekk i botnen på pannene.

IMG_2130

Det var sjølvsagt mandel i grauten, faktisk var der to, men berre ein vart funnen. Den andre vart enten slukt eller så var den i skåla til nokon som ikkje åt opp grauten sin. Monika Flatnes var den heldige finnar av mandel og fekk bytta den til ein marsipangris.

 

Elles var vi så heldige å få besøk av Grendahusnissen, han kjende lukta av nissegraut og fann vegen ned frå loftet. Det var mange spekulasjonar blandt ungane om kven som var nisse. Eg høyrde ein gut som sa at Bernt Arve er på loftet kvart år når nissen kjem. Det er ikkje godt å seie kven som er Grendahusnissen. Eg lurer på om nissen har sove dårleg siste året, han var både svaksynt og skeiv i kroppen.

IMG_2131