Akkurat no gleder personalet seg mest til rommet på austsida blir ferdig, her skal det først og fremst bli plass til barnevogner. Rommet blir oppvarma, og vi slepp å bære soveposar inn og ut av huset. Enda betre, vi slepp å flytte vognene inn og ut av garderoben to gongar kvar dag!

På vestsida skal det byggast nytt leikerom, det kjem der vi no har uteplass under tak. Dette rommet blir innreidd for dei aller yngste barna og deira leiker. Byggestart blir kanskje i denne veka, eller rett over nyttår.

Vidare skal barnehagen får større garderobe. Ikkje dobbelt så stor, men nesten. I tillegg skal det byggjast gillhus (paviljong) - sjå bildet under.

grillhus

Byggjearbediet gir mykje moro for ungane, på uteområdet er der betongbilar og store gravemaskiner. Den eine fekk motorstopp, og vart parkert nokre dagar attmed sandkassa. Vi har sett leikarskuret vårt bli løfta høgt opp i lufta og flytta av same gravemaskina. Inne leikast det byggjeleik med arbeidshanskar og pussing av imaginære betongplater.

Flytting av leikarskur Gravemaskin i bhg

For dei vaksne kan aktiviteten blir meir slitsom, å vere inne ein heil dag fordi dei store kjøretøya arbeidet er ikkje berre moro. For ikkje å snakke om mengder av sand som blir dratt inn kvar dag. Det ryktest at om vi samla saman all sanda, kan vi snart konkurrere med Holen Sand.

 

Om vi treng mer i plass i barnehagen? Ja! For 3 år sidan hadde vi i snitt 17 plassar i barnehagen. I dag fyller vi opp 30 plassar samt driv SFO. I tillegg har vi framleis venteliste.