Følgjande fekk eg inn som e-mail i dag:
PRESSEMELDING
Dato, 14.12 - 06.
MILJØVERNMINISTER HELEN BJØRNØY PRESENTERER REGJERINGENS POLITIKK FOR VERN AV VILLAKSEN.
Fredag 15.12 kl. 10.00 presenterer statsråd Helen Bjørnøy hovedinnholdet i Regjeringens politikk for vern av villaksen og forslag til nye nasjonale laksevassdrag og laksefjorder.
Pressekonferansen finner sted i 5. etasje i Riksantikvarens lokaler, Dronningens gt. 13.
Vel møtt!
KONTAKTPERSON: Informasjonsrådgiver Jannicke Nilsen, tlf. 90 95 32 97.
Så skal det avgjerast korvidt Hjørundfjorden vert Nasjonal laksefjord og Bondalselva vert Nasjonalt laksevassdrag.
Båe innstilt til det av Direktoratet for Nat.forvaltning i deira konklusjon frå høyringsinstansar.

Skal laksefisket i Bondalselva få særskilt vern? Det vert avgjort i statsråd fredag.
exit bondalselva (15.12.2006 kl. 14:22)
Det gjekk som eg innerst inne frykta. Bondalselva og Strandaelva med Storfjordsystemet
blei ofra på "oppdrettsnæringa sitt alter."
Som dei 2 einaste elvane med fjordar som var innstilt til Nasjonalstatus vart dei utelukka.
Eit fjordsystem med den tettast samlinga av lakseførande elvar i heile landet. Nemleg 22!
Bondalselva som i perioda 1968-96 var den beste elva i heile fylket. Ei elv som har vore blant dei 4 beste i landet 2 gongar. Med ein samla fangst på meir enn 15 tonn! Kva så med dei fine orda. "Elvar med eit stort potensiale, som er av nasjonal interesse å ivareta skal innlemmast i
ordninga."
Men kva hjelp er det når Pan Fish og Arne Pedersen og heile oppdrettsnæringa er motstandarar? Allereie for lenge sidan har dei blinka ut 30 nye oppdrettslokalitetar som no ligg klar.Dei er vel vitande om at Hjørundfjorden og Storfjorden er framifrå til oppdrett. I dag heves nok champagnen i dei kretsar. Kanske også blant representantane i Ørsta kommunestyre? Den bør i så fall vere alkoholfri! Som ein av 2 høyringsinstansar som gjekk imot at elva vart nasjonalelv og Hj.fjorden vart nasjonalfjord!! Det overveldande fleirtal av høyringsinstansar gjekk inn for elva som nasj.elv og Hj.fjorden som nasjonalfjord. Er dei klar over kva dei har vore med på??
Den fråverande lokale støtten er grunnen til at situasjonen no er no som den er. Støtten til nasjonal status utad har underteikna stort sett vore åleine om. Men er dette utfallet som er ynskt, får eg respektere det. Men eg tvilar...
Denne avgjerda er endeleg. Vi vert altså ein fjord "stinn full" av oppdr.anlegg med konsekvensar for Bondalselva, Øye-elva og Bjørke-elva, og Hj.fjorden som turistfjord. Oppdr.næringa gjev ikkje arbeidsplassar til distrikta. Det syner røynslene. Fisken vert fora pr. satelitt, brønnbåtar henter fisken til sentrale slakteri. Sperregrense mot oppdrett (for eit paradoks!) mellom Sunde og Festøy vert no oppheva.
Velkomen lakselus og "kopilaks!"
For Hjørundfjorden og Bondalselva er dette ei katastrofe! Eit slag i andletet på folk som ser vidfemnande på turisme.
Dei navlebeskuande "småkraftutbyggjarane" på Kvistad/Årset bør ikkje blåse i barten! No har dei i alle tilfelle ikkje Nasjonalstatus for Bondalselva å skylde på når dei skal kjempe for å få gjennomført 15% utbyggjinga av Årset-elva. HUGS! Bondalselva er framleis eit VARIG verna vasssdrag mot kraftutbyggjing. Det forsvinn ikkje i kjølevatnet av nei til nasjonalelv. Det vart bestemt lenge før "nasjonalt laksevassdrag" i det heile var tema.
Men patetisk er det at dei same som i dette tilfellet kun tenkjer særinteresser, er valgt til å fronte "Mobilisering for Hjørundfjorden!"
Kva slag signal sender dette ut? Ein fjord fanga i oppdrettsnæringa sitt grep i uoverskueleg framtid! Samt lakselvar som i staden for å få ressursar og kunne verte bygd oppatt som dei lakselvane dei var, no har fått dødsstøtet?
De sit att med svarteper på Årset uansett!!
Eg har lagt ned mykje tid i Bondalselva. Dei siste par åra i hovudsak for å få elva som nasjonalelv. Eg føler inget nederlag no når avgjersla er eit faktum. Tvertimot.
I åra frametter vil det vise seg at eg hadde rett.
I inn og utland har Sæbø og Bondalen tidlegare vore stort sett assosiert med Bondalselva. Dette må no erstattast.
Takk mi kjære elv, og takk for meg på portalen!
Helge Strand
Nasjonalelv/fjord (15.12.2006 kl. 01:29)
Viktigare, eigentleg, enn at Bondalselva event. vert Nasjonalelv, er det at Hj.fjorden vert Nasjonal laksefjord.
Turisme i og langs fjorden vert meir og meir sentralt. Lakseoppdrett med sperregrenser hindrar "fri ferdsel" for fisketuristar. Dessutan reduseres den visuelle opplevinga,i tillegg til forureining.
Det eg "kjempar" for er imidlertid altoverskyggande laksen i Bondalselva. I tankane har eg sjølvsagt dei ringverknadane som eit framtidig elvefiske kan gje. Også fram i elva!
Knut veit nok etterkvart korleis stoda er for laksestamma.
Legg dykk elles på sinne kva Rune skriv om "Bondalselva som varig verna mot kraftutbygging." Det er sentralt.
Om ikkje elva vert Nasjonalelv, og Hj.fjorden ikkje Nasjonalfjord, vert det endå viktigare å ivareta Bondalselva som eit varig verna vassdrag mot utbygging. Eit eksisterande eit!
P.S
Årset-elva er ein naturleg del av Bondalsvassdraget.
Eg og Jostein K. har forøvrig sett ut tusener av laksyngel
i Årset-elva.
Helge Strand
Ja, men... (15.12.2006 kl. 01:12)
Kva NVE har lagt mest vekt på, kan nok diskuterast, men ein kjem ikkje unna det poenget at fjorden er føreslegen som nasjonal laksefjord, og at det vert brukt som argument mot utbygging av elva. Det viktigaste poenget mot kraftutbygging, som vert brukt, er nok at mesteparten av Kvistaddalen er eit såkalla LNF område - etter vedtak i Ørsta kommune.
Knut Hustad
Mange sider (15.12.2006 kl. 00:23)
Ja, nasjonal status som laksevassdrag og laksefjord har mange sider. Ei av dei er arbeidsplassar. På Sæbø er to campingplassar avhengige av lakseturismen. Desse campingplassane gjev arbeid direkte til fleire, og ringverknadene for butikkane er også viktige. Å oppretthalde Bondalselva som ei villakselv det faktisk er mogleg å fiske laks i, er altså med på å sikre arbeidsplassar.
Samstundes er det klart at med dagens landbrukspolitikk, er gardsbruka heilt avhengige av ekstra innteker, som t.d. frå fossekraft. Men eg har lese det same brevet som Knut referer til, og det at Bondalselva er varig verna mot kraftutbygging, er eit langt sterkare vern enn at elva er nasjonalt laksevassdrag.
Konsevensane vert større for sjølve fjorden, då det ikkje vil verte høve til oppdrett av anadrom fisk. Viss Hjørundfjorden vert nasjonal laksefjord, vert det spennande å sjå kva som skjer med dei eksisterande oppdrettsanlegga, om dei må ut, eller om dei får verte.
Rune Sæbønes
Negativ side (15.12.2006 kl. 00:16)
Eg kjenner mange av Helge sine argument i saka - vi har hatt mange gode diskusjonar. Og kanskje kan det vere rett at Hjørundfjorden vert nasjonalfjord. Men: Dette har og negative konsekvensar. Eg sit her med eit brev framom meg frå NVE. Kvistad og Årset kraftlag har søkt om tre ulike, mindre utbyygingsalternativ av Årsetelva til kraftverk. To av alternativa er no forkasta og grunngjevinga er m.a. og eg siterer frå brevet vi har fått frå NVE: "Fylket påpeikar at Bondalselva er føreslege som nasjonalt laksevassdrag...." Dette er eit av tre punkt som gjer at vi no i alle høve berre får bygge ut det minste alternativet(15 % av middelvassføringa i Årsetelva), men kanskje kan vi få avslag på det også. Berre så det er sagt.
Knut Hustad
Bondalsvassdraget (14.12.2006 kl. 22:35)
Bondalselva (Vassdraget) er allereie varig verna
mot utbygging, uansett om Bondalselva vert nasjonalt laksevassdrag eller ikkje.
Hjørundfjorden er er perla og ein turistattraksjon som alle er samde om må liggje i botn av ei satsing på turisme.
Vert ikkje Bondalselva Nasjonalelv, vert heller ikkje Hjørundfjorden nasjonalfjord. Dette heng saman.
Til deg, Stian. Under artiklar og lokalnytt finn du mykje laksestoff. Eg kunne svare deg meir detaljert, men det vert vanskeleg i denne samanheng. Eg er redd det vert for vidfemnande.
Helge
Helge Strand
Nasjonal laksevassdrag (14.12.2006 kl. 21:50)
Nasjonalt laksevassdrag vil verne Bondalselva og alle sideelvane.Dette vil kome i sterk konflikt med næringane attmed elvane.Dette har gått bra der det er vit og forstand som rår i miljøvernavdelingane i fylka og kommuna. Vi ser andre plassar der det er vernetiltak så er staten lite interessert i å betale for meirkostnader og tap som dette medfører.Eit slikt vern har selvfølgeleg sine fordelar, men kostar det meir enn det smakar?
Ivar Svein Mo
Fjord og elv (14.12.2006 kl. 19:15)
kva vil det i praksis bety for Hjørundfjorden og Bondalselva om eit slikt vedtak vert vedtatt?
postitive og negative sider?
Stian Holen