- Der er no svært så tidleg nokre av oss skal stå opp, tenkjer eg i det eg går ned kjellartrappa til lefsekontoret på Sæbø.   Klokka er berre kvart over ni og natta er ikkje heilt ute av kroppen min enno.  Eg har avtale om å møte lefsebakar Åshild Taklo.

IMG_3847

Åshild skjemtar og ler.  Ho likar seg godt på lefsekontroet. Og humøret hennar smittar...

- Hei, kom inn, kvitrar Åse.  Ho har mange ferdige lefser allereie. Det luktar aldeles nydeleg av ferske lefser med hjortesalt.  Etter berre eit par minutt forstår eg at eg også er i godt humør.  Det er uråd å vere morgongretten i lag med Åshild.

Åshild har vore lenge oppe allereie.  Mange ferdigsteikte lefser ligg der dei skal ligge.  - Men deiga laga du i går, konstaterer eg - mest for meg sjølv.  Men nei, også deiga har Åshild laga i dag.  - Det går så raskt,  seier Åshild.  - Ver nøyaktig med måla, ha alt i hurtigmiksaren, dvs. mjølk, smør, kveitemjøl, tørrgjær, hjortesalt og sukker. Set på maskineriet og vips - etter fem minutt er deiga ferdig.  Jau, eg vedgår at det høyrest heller enkelt ut, men så var det dette med teori og praksis...

IMG_3846

Arbeidsbenken til Åshild på lefsekontoret.  Til venste leivane, kjevla, den komande lefsa på papiret og takka til høgre. 

Og no veit underteikna skilnaden på emne og leiv.  Etter at deiga er ferdig i hurtigmiksaren, vert deiga delt opp i emner på 100 gram.  Deretter kjevlar Åshild desse emna litt ut - og dermed har ho leivar.  Dette arbeidet gjer Åshild på kjøkenet oppe, men no startar moroa.  Ho tek med seg leivane og kveitemjølet ned i kjellaren til lefsekontoret, men ikkje berre det. Termosen høyrer med - og radioen. - Eg kosar meg her nede, seier Åshild.

Og det må seiast.  Det som eg tillet meg å kalle lefskontoret er ikkje så stort.  Det vert ikkje større av at ein mann på 189 cm og 93 kg kjem inn og prøver å fotografere med ein litt for liten vidvinkel.  Av og til skjèr det seg også - men Åshild svir ikkje ei lefse likevel.  Visste du forresten at ei lefse vert steikt nesten berre på ei side?  Lefsa får seg rett nok ein liten omgang på takka på den andre sida også, men det er mest berre før å tørke mjølet, forklarar Åse.  Det skal ikkje vere mjøl på eit ferdigsteikt kvalitetsprodukt, må vite.

IMG_3851

Av og til kjem det med det som ikkje skal kome med når ein fotograferer...

Og Åshild har allreie steikt flatbrød til seg sjølv - og vore med og steikt lefser på arbeidsstaden sin - Hjørundfjordheimen.  - Vi er fire som brukar å lage lefser der, seier Åse - til dei fastbuande.   Eg er 64 og burde sjølvsagt ha slutta på arbeid der, men vi har det så kjekt, opplyser Åshild vidare - nesten litt orsakande.  Eit eller anna må vere gale, tenkjer eg.  Slike folk med arbeidslyst må få halde på til dei er 70 om så, men det er vel ei anna sak.

Og no bakar altså Åshild lefser til seg og familien sin.  Ho sel ikkje lefser, men gjev gjerne til familie/svigerfamilie i julegåve.  Og det er ikkje berre ein sort lefser ho lagar.  Nei, tre sortar må til.  No lagar ho ein enkel sort, meiner Åshild, men bedehuslefsene - som ho skal lage seinare - er meir tidkrevjande å få til.  I  bedehuslefsene er det m.a. både poteter og semylegrynsgraut.  Mens Åshild fortel dette, kjevlar ho, steikjer ho, snur ho og stablar lefser.  Og det framleis utan at ei einaste lefse vert svidd.

IMG_3855

Her kjevlar Åshild med lefsekjevla.  Ho har ei flatbrødkjevle også.  Den har finare rillar. Legg merke til lefsepinnen.  Den har faren hennar laga.

- Du, spør eg -  når du er ferdig med lefsene då smørjer du dei vel med ei margarin- og melisblanding  og frys dei så ned slik at dei  er klare til dei skal etast?  Eg får eit blikk av Åshild som får meg til å tenkje på verselina .. Og stundom så gnistret hans øyne stygt... frå Terje Vigen av Henrik Ibsen.  - Nei, protesterer Åshild, lefser er ferskvare.  Du skal fukte dei med vatn og legge dei i  klede ei stund før dei skal etast.  Så har du på ei blanding av sukker og smør, brettar dei rett og serverer dei i passande stykker.  Eg for min del brukar ei blanding av margarin og smør og vanleg sukker, seier Åshild.  Eg finn det her ikkje naturleg å spørje Åshild kva ho meiner om dei ferdigsmurde lefsene som vert seldt  rundt om...

IMG_3856IMG_3861

Til venstre brukar Åshild lefsepinnen. Legg merke til radio og termoskanne.  Til høgre stablar ho dei ferdigsteikte lefsene.

Og dersom det er potensielle lefse- og julekakebakarar som framleis ikkje har fått litt knekt sjølvtillit, nemner eg at laurdag laga Åshild 4 småkakesortar pluss ei deig.  Til jul brukar ho også å lage fleire brødsortar - hugs på at eg har ein stor familie, seier ho.  Men smultringar lagar ho underleg nok ikkje og julebrødet har ho tenkt å kjøpe på Strands Bakeri.   Har ho endeleg eit svakt punkt?

IMG_3862

Litt av Åshild sine produkt.  Lefsene til venstre, flatbrøda til høgre.

Har vi no hugsa alt?  Nemnde eg at papiret som ho kjevlar ut lefsene på er klipt av tapet?  Opplyste eg at lefsene må vendast om kvelden den dagen dei er steikt slik at det  vert luft i mellom dei under lagringa?  Sa eg at..... Snakk med fagpersonen sjølv.  Dette kan ho.

Du slappar vel av no etterpå med ein kopp kaffi og lefse, spør eg i det eg skal gå.  - Klokka er berre halv elleve, svarar Åse.  - Nei, no skal eg til å koke poteter slik at eg får laga bedehusklefsene også i dag...  Sjølvsagt skal ho lage bedehuslefsene også.

IMG_3864

- Slappe av no? Klokka er berre halv elleve, seier Åshild.

 

Og for den som måtte lure:  Ja, det er Åshild som er gift med tidlegare rektor og tidlegare ordførar Nils Taklo.  Eg trur no at Åshild kunne ha hatt begge desse yrka/verva som ektemannen har hatt og alle styreverva han har/har hatt - samstundes.  Ho hadde klart det fint, arbeidsjarnet som ho er.