På denne festen den 27. desember vert det servert gryterett.  Hovudingrediensen i denne retten er oksekjøt,  men mykje lauk må også til.  Det var Ola Valseth og Mari-Anne Bjørdal som i kveld tok på seg arbeidet med lauken.  Men Mari-Anne ofrar gjerne ei tåre, eller to, for å sikre ein god middag...

IMG_3837

Store mengder lauk må til - og mange tårer - for å sikre ein god middag til festdeltakarane.

IMG_3837

Anne-Kristin Hustad og Bente Stokke (bak) steikte oksekjøt.

Leiaren i festkomiteen, Knut Riise, lovar eit variert program. - Det vert sjølvsagt årskavalkade, det vert kåring årets bondaling, det vart sketsj og det vert song og gitarspeling av Elise og Camilia, fortel Knut til hjorundfjord.no. Men Knut trur at hovudattraksjonen likevel vert framsyninga av den "nye" Hjørundfjordfilmen.  Denne vidgjetne filmen er no digitalisert og er i alle høve av svært god teknisk kvalitet.  - Kven vil ikkje sjå Bjørn Urkjegjerde og Lars Hustad - Snikkaren - lande laks igjen, spør Knut Riise.

hjorundfjord.no får opplyst at det er Børre Lødemel og Åge Nybø som spelar til dansen.  Den som ynskjer å få med seg alt dette, må ta kontakt med Bellingen på Sæbø innan 18. desember, seier Knut til slutt.

Siste nye:  Som det går fram av Knut J. Riise sin kommentar under, vil ikkje berre den "nye" utgåva av den gamle Hjørundfjordfilmen verte vist på 3. dagsfesten.  Rune Sæbønes har gjort eit godt arbeid og har fått løyve til å syne ei førebels utgåve av den nye Hjørundfjordfilmen der vår eigen Helge Nordang har hovudrolla.  Vil du lese meir om denne filmen, trykk her.