Dei kan dette, kvinnene i Ørsta Røde Kors, Besøkstenesta, nemleg å arrangere fest.  I går, laurdag 2.12.06, arrangerte Besøkstenesta adventsfest på Hjørundfjordheimen på Sæbø.  I spissen for arrangementet stod Ragna Riise, Karin Fltanes, Ranveig Nygjerde og Inger Riise.

IMG_3842

Frå venstre: Kirsten Buset, Eli Sporstøl, Karin Flatnes, Ranveig Nygjerde, Ragna Riise og Inger Riise.  I framgrunnen ser vi ein del av kakebordet.

Dette årlege arrangementet vert arrangert første laurdagen i advent og vert arrangert både på Hjørundfjordheimen og Ørstaheimen. Det er ei felles Besøksteneste for heile kommunen i Ørsta Røde Kors så medlemmene hjelper kvarandre med å arrangere festane.

I går var festborda dekt på til ca. 60 personar på Hjørundfjordheimen og etter det vi kunne sjå var alle plassane opptekne.  Det er rett nok berre ca. 40 fastbuande på Hjørundfjordheimen, men mange pårørande deltok også på denne svært så trivelege festen.

Det er Kirsten Buset som er leiar i Besøkstenesta og ho fortel til hjorundfjord.no at til kvar jul og påske kjøper Besøkstenesta inn 15 jule- og påskedekorasjonar.  Desse dekorasjonane vert delt ut til stovene på dei tre sjukeheimane  i kommunen.  I går var dei tre juledekorasjonane til Hjørundfjordheimen komne på plass.

Programleiaren under adventsfesteten i går var - som alltid - Ragna Riise og ho leidde også allsongen saman med Karin Flatnes.

IMG_3859

Her ser vi Ragna Riise(t.v.) og Karin Flatnes.

Familien Hustadnes Muren underheldt på festen.  Dei imponerte sterkt både med song og musikk.  Dei var så gode at Ragna meinte at det ikkje var nødvendig for kvinnene i Besøkstenesta på Sæbø og synge denne gongen. 

IMG_3849

Alette Hustadnes Muren sjarmerte alle som var tilstades med sin vakre song.

IMG_3854

Her spelar og syng heile familien Hustadnes Muren Julekveldsvisa av Alf Prøysen. Frå venstre Brynjar på fele, Kari(bak) på piano, Alette song, Ivar på bass og bak til høgre pappa Lars Arne Muren på gitar.

Alle dei flotte kakene, lefsene, julebrøda og alt det andre gode som var på kakebordet, var det kvinnene i Besøkstenesta som sjølv hadde baka og laga.  Alt det som underteikna smakte på var av svært høg kvalitet.  Karin Flatnes hadde m.a. laga kaka Sonjas beste.  Eller heiter denne kaka Kvæfjordkake, Vesterålens beste eller berre Verdens beste?

Det må også leggast til at Ragna, Karin, Ranveig og Inger annankvar tysdag, året igjennom, vitjar Hjørundfjordheimen på Sæbø.  Desse tysdagane syng dei m.a. for dei som bur på heimen.  Når hjorundfjord.no spør, får vi vite at det er songane "Eg har ein heim så god og gild" og "Gryta hennar mor" som er dei mest populære.  Forresten så brukar Ruth Hustadnes og Petra Tverberg også å hjelpe til på desse tysdagane. 

Besøkstenesta har og vore med på å få laga til fleire permar med songar  til Hjørundfjordheimen.  Songane har fått stor skrift slik at dei skal vere lettare å lese for dei svaksynte.

IMG_3836

Her blar Karin(nærast) og Ragna i ein av permane med songar med stor skrift.

I juni vert sesongslutt for Besøkstenesta avslutta med ein dagstur med buss for dei som får besøk av medlemmer i Besøkstenesta.

 

Og kva gjer desse kvinnene i Besøkstenesta no?  Slappar av?  Nei, truleg står dei akkurat no og pyntar kake.  I dag er det fest på Ørstaheimen...