For Hjørundfjorden er utviklinga på Bondalseidet viktig. Ti minutt unna Sæbø ligg eit av landets ti beste skianlegg (kåra i Fri flyt), og med fleire hundre hytter vil dette verte eit viktig aktivum for reiselivet og næringslivet elles.
Det er til høgre for hovudtraseen det no aktivt vert arbeidd for å selje tomter, hytter og hytteleilegheiter.
Kommunestyret sitt vedtak sikrar altså drift av skianlegget. Samstundes arbeider EigedomsMeklar1 aktivt for å selje tomter, hytter og hytteleilegheiter på Bondalseidet. Det er no oppretta ei eiga side, www.bondalseidet.no , som hjorundfjord.no anbefalar på det sterkaste. Etter kvart vil det også kome ei lenkje til denne sida under "Lenkjer" i venstemargen.
Viss utviklinga på Bondalseidet går slik utbyggjarane håper, vil der også kome hotell, restaurantar og butikk. I ei påske med fullt utbygde hyttefelt, vil det faktisk bu fleire på Bondaleidet enn på Sæbø...
Det krev stor innsats for å halde skiheisen i drift, og 200.000 kroner frå Ørsta kommunestyre kjem godt med.
Kommentarar