Dekningskartet for Tussa breiband.
Dersom du har ein berbar PC med trådlaust PC-kort kan du nytte deg av tenesta, som er inkludert i breibandsabonnementet til Tussa utan at det kostar noko ekstra. Sjå på www.tussa.no sine sider for informasjon om pålogging og bruk. Etter kvart vert tilbodet opna for dei som har abonnement hos andre breibandsleverandørar.
Dekningsområde
Tussa har i første omgang fokusert på sentrumsområda og ferjekaiene for kundar som er på farta; for eksempel Fosnavåg, Ulsteinvik, Hareid, Ørsta, Volda. Sjå komplett og oppdatert oversikt på heimesidene over kvar breibandssonene i kommunen din er.
Nyttig
Bruksområda er mange. Nokre har behov for å vere innom heimekontoret anten dei er på gjennomreise, eller ferierer. Då er det mogleg å lese og sende e-post, få betalt rekningar og i det heile ha tilgang til alle moglegheitene internett byr på. Journalistar, hos t.d. hjorundfjord.no, kan ha nytte av det for å raskt oversende bilete og tekstar til redaksjonen. Ungdomar får høve til å halde kontakt med venner, sjølv på ferie.
Her er oversikt over soner der du kan bruke Tussa Breiband:
Kommune | Breibandssone | Koplingspunkt |
Herøy | Fosnavåg sentrum | Småbåthamn |
Ørsta | Ørsta sentrum Rjånes Festøy kai Sæbø kai | Vikegata 35 Klubblokale Venterom/Kiosk Kiosk Sparebank1-bygning |
Volda | Volda kai Volda sentrumFolkestad kaiLauvstad kai | DykkarklubbenCoop butikkKiosk Coop butikk |
Hareid | Hareid sentrum/kai | Rådhuset |
Ulstein | Ulsteinvik sentrumEiksund kai | Narvesen, Sjøgata 61Venterom/kiosk |
Vanylven | Fiskå sentrum | Rådhus/Combisenter |
Sande | Larsnes sentrum/kai | Sparebank Møre |
Kommentarar