Sæbø 6.11.06                 

 

Hjørundfjorden Bygdemobilisering

 

Styringsgruppa

v/Ivar Svein Mo 

 

 

Til Ørsta formannskap v/ordførar Hans Olav Myklebust

Rådhuset

6165 Ørsta

 

Forskottering av framføring av vatn og kloakk til tomter på Sæbøneset.

Sist vinter gjorde Ørsta formannskap vedtak om å selje tomter m.a. på Sæbøneset for ein rimeleg sum, dvs. kr. 20.000,-. Eit slikt vedtak gler sjølvsagt oss i styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering. Til sjuande og sist er oppgåva vår å få fleire til å bygge seg hus og busetje seg i Hjørundfjorden.

Det ser no ut til at i alle høve to par er interessert i å kjøpe tomter på Sæbøneset til kr. 20.000,-. Eller er dei det? Dei har no nemleg fått opplyst at vatn og kloakk ikkje er ført fram til tomtegrensa slik vanleg praksis er i Ørsta kommune når tomter vert lagde ut for sal. Dei interesserte må med andre ord koste denne framføringa av vatn og kloakk til tomtegrensa sjølve.

No veit vi i Hjørundfjorden bygdemobilisering at denne ”oppdaginga” som dei to para har gjort, er i samsvar med vedtaket som formannskapet gjorde. Likevel ber Hjørundfjorden bygdemobilisering med dette på det sterkaste om at Ørsta formannskapet gjer vedtak om å forskottere kostnadane med framføring av vatn og kloakk i alle høve til dei tre aktuelle tomtene på Sæbøneset. Gjer ikkje formannskapet eit slikt vedtak, er faren stor for at den/dei første som kjøper tomt og bygg seg hus i det aktuelle området på Sæbøneset, ikkje berre må betale framføring av vatn og kloakk til eiga tomt, men også forskottere denne kostnaden til dei to andre tomtene. Dette i fylgje opplysningar eitt av para har fått i på rådhuset i Ørsta.

Etter det Hjørundfjorden bygdemobilisering har fått opplyst, vil framføring av vatn og kloakk til dei tre aktuelle tomtene koste ca. kr. 180.000,-. Utan tvil vil sjansen for nytt hus på Sæbøneset verte sterkt redusert dersom eitt par må betale/forskottere heile denne summen åleine. Det er rett og slett urimeleg at byggherre skal koste framføring av vatn og kloakk til andre sine hus.

Eit vedtak frå Ørsta formannskap om å forskottere vatn og kloakk til m.a. desse tomtene, vil så absolutt vere eit positivt verkemiddel for å få folk til å bygge seg ein bustad og busetje seg også her i Hjørundfjorden. På førehand takk for eit slikt vedtak.

Med helsing

Ivar Svein Mo                                                                                                                                    

 
leiar i styringsgruppa                                                                                                                      

 

                                                                                 skrivar Knut Hustad