takvam520

Marie Takvam fyller 80 år i år, og det vert markert på Bondalen grendehus fredag.  

 

”Marie er uskyldig. Same kva de seier om henne,så er ho uskyldig. Ho er kvit som snø og raud som blod. Ungjentelatteren hennar opnar dører til hemmelege rom med røykjelse og myrra, brød og vin og den søtaste musikk, og får oss til å stilla det same og farleg naive spørsmåletsom diktaren Kyorai: Utpå marka står ein mann, bøygd over ein blome. Kva skal han då med sitt lange sverd? 

Slik opnar Erling Lægreid sitt dikt ”Vakre Marie” om og til Marie Takvam.  Marie Takvam frå Skylstad i Norangsdalen fyller 80 i år. Ho er ein av dei finaste lyrikarane våre, og dei siste åra har interessa for lyrikken hennar blomstra.

Ho var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela i 2003. NRK har sendt program om henne og diktinga hennar, Dag og Tid har gjeve ut eige temanummer om henne, og nyleg heldt Høgskulen i Volda eit særs vellukka jubileumsseminar om denne gåverike, uredde, ærlege og til tider omstridde diktaren frå Hjørundfjorden. 

CD med Gunhild Hovden Kvangarsnes 

I tillegg har Voldajenta Gunhild Hovden Kvangarsnes sett tone til fleire av dikta hennar. Saman med Elisabeth Vannebo har ho spelt inn CD-en ”Eg vil møte deg” med nettopp desse dikta. Gunhild er utdanna skodespelar og har mastergrad i nynorsk skriftkultur. Førstkomande fredag er Gunhild  med og presenterer ein del av Marie Takvam sin gripande lyrikk. 

Det er Jarle Walseth i Hjørundfjord Sogelag som fortel dette til hjorundford.no. I samarbeid med Ørsta Mållag skipar sogelaget til ein kulturkveld på Bondalen grendahus med tittelen ”Vakre Marie – Dikt av Marie Takvam, og andre tekstar frå Hjørundfjorden” Gunhild Kvangarsnes både syng og deklamerer, og hennar framføring vert det dominerande innslaget i programmet.  

Film og andre tekstar frå Hjørundfjord 

-   Men vi får også møte tekstar av andre skrivande personar frå Hjørundfjorden, fortel Walseth. Det har vore vanskeleg å velje, men denne gongen har vi landa på Laura Frøland, Ola Skylstad, Ingvald Viddal og Johan Kvistad. 

Walseth røpar også at arrangørane har eit anna høgdepunkt på lager, nemleg Hjørundfjordfilmen frå 1960-talet. Anders Hustadnes var sentral i arbeidet med denne filmen, og foto og regi stod den kjende filmfotografen Mattis Mathisen for. Han har forresten også anar i Hjørundfjorden. Filmen er no overført til DVD, og han vert vist denne kvelden. 

Terje Kjøde i Ørsta Mållag seier at dei er glade for å ha fått til dette samarbeidet med sogelaget.  

 -         Eg oppdaga Marie Takvam på byrjinga av 70-talet. Sidan då har ho stått for meg som ein av dei mest personlege, uredde og varme lyrikarane våre, og hjørundfjordingane kan vere stolte av at ho er ein av dei. Eg må også vere så ærleg å røpe at eg vonar kvelden kan hjelpe oss med å skaffe mållaget nye medlemmer, sluttar han, og ønskjer alle velkomne til Bondalen grendahus førstkomande fredag.