Mariann Skare frå Ørsta Stoffsenter var gjest på strikkekafeen onsdag.

Det var Ingvild Aambakk og Ann Helene Urkegjerde som tok initiativet til strikkekafeen. Dei var spente på korleis tilbodet på Sæbø bedehus vart teke i mot.

Dei hadde ingenting å frykte. Første kvelden var det i underkant av tjue, og på den andre kvelden kom det altså tjuefem. 

- Spesielt artig var det at det kom folk frå Norangsfjorden. Det viser seg at strikkekafeen passar med ferja. Det synest vi er kjekt, seier Ann Helene.

Sist onsdag var Mariann Skare frå Ørsta Stoffsenter til stades, og ho kom med tips, råd og vink når det gjeld handarbeid.

Tre systre Urke på strikkekafeen. F.v.: Nelly Urke, Sigrun Hjellen og Kirsten Berg.

Strikkekafeen er meint som ein treffstad der folk kan pratast og drive på med handarbeid. Det er enkel servering med kaffi og noko å bite i, og det er ikkje nødvendig å ha med handarbeid.

På nokre av kveldane framover vil det kome folk som orienterer om ymse typar handarbeid, og kanskje kan det også vert synfaringar.