Til hjorundfjord.no vedgår bakar Dagfinn(Daffa) Strand at han og kona Kanutte(Nutte) har vore utsett for eit visst press - eit press for å halde bakeriet ope under julehandelen.  Men dette presset toler dei og etter ein kort diskusjon ved kjøkenbordet, bestemte dei seg for at den fyrste opningsdagen før jul vert onsdag 6.12. og siste opningsdag vert den 23.12. - m.a.o. veslejulaftan.

Bakeri 003

Etter ein kort diskusjon ved kjøkenbordet bestemte nutte og Daffa seg for å halde bakeriet opent under julehandelen.

I tillegg til den vanlege bakarvarane som Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet, skulebollar osb., vil ekteparet  også lage julebrød.  Julebrøda vil sjølvsagt verte steikt på steinomnen.Og kvir du deg mot å lage sirupssnittar, sandskorper, berlinerkransar, krumkaker eller julemenn?  Fortvil ikkje - bakeriet vil lage desse sortane også.

Opningstida desse førjulsdagane vil vere frå klokka 1000 til 1500.  Daffa understrekar at dette vil vere eit prøveprosjekt for i år og som nemnt vert den første opningsdagen onsdag den 6. desember.  Eit viktig poeng er at allereie no kan vi som kundar ta til å bestille julekaker hos Strands bakeri.  Ring gjerne tlf. 700 40050 eller mob. 957 08723, oppmodar Daffa.