Til hjorundfjord.no vedgår bakar Dagfinn(Daffa) Strand at han og kona Kanutte(Nutte) har vore utsett for eit visst press - eit press for å halde bakeriet ope under julehandelen. Men dette presset toler dei og etter ein kort diskusjon ved kjøkenbordet, bestemte dei seg for at den fyrste opningsdagen før jul vert onsdag 6.12. og siste opningsdag vert den 23.12. - m.a.o. veslejulaftan.
Etter ein kort diskusjon ved kjøkenbordet bestemte nutte og Daffa seg for å halde bakeriet opent under julehandelen.
I tillegg til den vanlege bakarvarane som Hjørundfjordbrødet, Ørstabrødet, skulebollar osb., vil ekteparet også lage julebrød. Julebrøda vil sjølvsagt verte steikt på steinomnen.Og kvir du deg mot å lage sirupssnittar, sandskorper, berlinerkransar, krumkaker eller julemenn? Fortvil ikkje - bakeriet vil lage desse sortane også.
Opningstida desse førjulsdagane vil vere frå klokka 1000 til 1500. Daffa understrekar at dette vil vere eit prøveprosjekt for i år og som nemnt vert den første opningsdagen onsdag den 6. desember. Eit viktig poeng er at allereie no kan vi som kundar ta til å bestille julekaker hos Strands bakeri. Ring gjerne tlf. 700 40050 eller mob. 957 08723, oppmodar Daffa.
Kommentarar
Så var eg i Volda og svelgde slange, og så vart det dei siste, for eg fekk vite at eg hadde cøliaki.
Så no lagar eg mitt brød sjølv. Kun ei oppskrift. Ikkje i nærleiken av Daffabrød, men til å leve med.
Eg gleda meg:)
Litt familiereklame.
"Frå den eine til den andre!"
Cøliaki, som oftast er familiert, er ikkje einsbetydande med: "Så no lagar eg mitt brød sjølv. Kun ei oppskrift, m.m."
Dagfinn lagar ikkje glutenfrie produkter, men det gjer Rolf!
Vend deg BRISK KOMPETANSESENTER i Ålesund, der Rolf har leigd vekk (førebels)alt sitt produksjonsutstyr og ekspertise. Der vankar det eit assortert utval.
Rolf sine landsdekkjande leveransar, av andre produkt, vert elles oppretthelde fra Strandgata i Ørsta
Kjenner fleire med cøliaki og dei er veldig glade ti "nå Strand" pga alle bakervarene han har som er glutenfrie.
Kjempeflott tiltak Nutte og Daffa. Det skjer mykje positivt på Sæbø for tida, dette vert endå eit innslag.